Hopp til innhold

Indremisjonen fryktar framleis homoekteskap

Tysdag sa kyrkja nei til homofilt ekteskap, men no fryktar Indremisjonen at kyrkjemøtet skal gjere om vedtaket ved neste korsveg.

Erik Furnes, formann i Indremisjonsforbundet

Erik Furnes, formann i Indremisjonsforbundet

Foto: Rune A. Hansen / NRK

Tysdag vedtok den norske kyrkja å nekte homofilt ekteskap, med 64 mot 51 stemmer under kyrkjemøtet i Kristiansand.

Indremisjonsforbundet er glad og letta for at homofile ikkje får gifte seg i kyrkja, men dei er framleis ikkje trygge.

No fryktar nemleg generalsekretær i forbundet, Erik Furnes, at kyrkja vil snu om, og godkjenne homoekteskap ved neste korsveg.

– Ein tapt kamp

Erik Furnes

– Det er ingen kjærleg tanke å leve i strid med det Gud har tenkt for vår religion, seier generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonen.

Foto: Aina Rødal / NRK

– Dette er ein tapt kamp i det lange løp, fordi dei liberale og folkeopinionen får eit utslag som gjer at ein ikkje lenger står ved ei bibelsk forståing, seier Furnes.

Han meiner altså at det kjem til å bli stadig fleire som ikkje følgjer dei opphavelege føringane i Bibelen. Furnes legg til at han meiner kyrkja er altfor oppteken av å vere ei folkekyrkje.

– For oss som står for eit klassisk syn på ekteskapet, slik det har vore i 2.000 år, så er det ei glede at kyrkja har avvist likekjønna liturgi. Det blir heilt håplaust å seie at kjærleiken trumfar alt. Det er ingen kjærleg tanke å leve i strid med det Gud har tenkt for vår religion, seier generalsekretæren.

Sjølv har han meldt seg ut av den norske kyrkja, fordi det blei for utfordrande å vere medlem på grunn av dei liberale synspunkta som har kome med tida.

Sindre Stabell Kulø

Sokneprest Sindre Stabell Kulø i Sandøy trur det er uunngåeleg at homofilt ekteskap vert lov ved neste korsveg.

Foto: Privat

Han trur altså at kampen mot likekjønna ekteskap er tapt, og at det berre er eit spørsmål om tid før homofile og lesbiske får gifte seg i kyrkja.

Trur homoekteskap vert vedteke

Sokneprest i Sandøy, Sindre Stabell Kulø, har fått massive reaksjonar etter at han blei intervjua av media tysdag.

Etter eit intervju i NRK Møre og Romsdal si distriktssending fekk han til og med ei hatmelding på sms, der det vart hevda at han dreiv valdtekt av bibelen.

Den liberale presten er for ekteskap mellom likekjønna, og er heilt overbevist om at kyrkja kjem til å opne for vigselliturgi mellom homofile.

– Det trur eg. Først må det gå litt tid, og deretter skal det haldast eit nytt kyrkjemøte med nye menneske som skal handsame saka. Då er det heilt uunngåeleg at homofilt ekteskap vert vedteke ved neste møte, seier Kulø.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL