Hopp til innhold

Importerte store mengder GHB

Ein mann frå Nordfjord i 20-åra er tiltalt for å ha importert 27 liter GHB til landet. I fjor haust skal han også ha gøymt ulike typar narkotika på eit solstudio og eit hotellrom i Ålesund, og i ein båt. Han er også tiltalt for ruskøyring. Saka mot han kjem opp for retten i desember.