Kommunane har utarbeidd svært gode planar for beredskapen, seier konstituert beredskapssjef, Ole Michael Rakvåg.
Beredskapsplanane inneheld rutinar og metodar for å gjere kommunen trygg å bu i, og alle kommunar er pålagt å ha slike planar.
Innverknad på innbyggjarane
Beredskapsplanane, kriseplanane og sårbarheitsanalysene er ikkje berre fine ord. Dei har direkte innverknad på innbyggjarane i kommunane. For skal det til dømes regulerast eit nytt byggjefelt, er det viktig at kommunen har rutinar for å finne ut om området til dømes er utsett for ras, om grunnen er trygg eller om det er fare for flaum i området. Kommunane må også ha planar for korleis dei skal ta vare på innbyggjarane ved store ulykker, katastrofer og epidemiar.
Gjennomfører tilsyn
Med jamne mellomrom fører beredskapsavdelinga hos fylkesmannen tilsyn med kommunane sine planar. I denne runda gjenstår mange kommunar, men Stranda og Sykkylven har så langt imponert kraftig.