Bru-sambandet mellom dei to kommunane er ein føresetnad for sammanslåing, og det er no usikkert om regjeringa får ut proposisjonen før valdagen.
Det hadde vore ein stor fordel, seier ordførar i Aure, Knut Baardset.
- Vi har venta på dette i lange tider, men vi må ha forståing for at dette er ei tung sak.
- Det som vil bli vedtatt hos oss kan bli ein del av grunnlaget for andre fastlandsprosjekt, seier Baardset.
Han fortel at dei ikkje har fått noko signal frå regjeringa om at finansieringa ikkje vil gå i orden.
Men dei har klar ein alternativ stemmeseddel, så avstemming blir det uansett, avsluttar Baardset.