NRK Meny
Normal

Ikkje uroa over økonomien

Moldeordførar Torgeir Dahl forstår godt uroa over økonomien i Helse Møre og Romsdal, men trur dei får kontroll til å bygge nytt sjukehus etter planen.

Torgeir Dahl ordfører i Molde

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl, trur ikkje dei økonomiske vanskane i Helse Møre og Romsdal vil stoppe bygginga av det nye fellessjukehuset.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Sett frå styret sitt syn så er ein uroa over økonomiutviklinga i Helse Møre og Romsdal, og om ein faktisk har finansiell evne til å bygge dette sjukehuset, seier Dahl.

Fleire styremedlemar i Helse Midt-Norge uttrykte tidlegare denne veka sterk uro over økonomien til Helse Møre og Romsdal.

Dei fryktar at økonomien er så svak at ein må utsette bygginga av det nye sjukehuset dersom økonomien til Helse Møre og Romsdal ikkje viser betring i løpet av året.

Vil ikkje hindre bygginga

Dahl har likevel tillit til at dei økonomiske vanskane ikkje vil hindre bygginga av det nye fellessjukehuset på Hjelset.

– Sjukehuset er prioritert, og både Helse Midt Noreg og departementet ønsker å bygge eit nytt sjukehus, seier ordføraren.

– Her legg ein til grunn at ein greier å få kontroll på økonomien slik at ein kan gjennomføre prosjektet i tråd med dei opphavlege planane, held han fram.

Positivt for alle

Legar ved sjukehuset i Ålesund har tidlegare vore uroa for å miste funksjonar til det nye fellessjukehuset som skal byggast for Nordmøre og Romsdal.

Regionrådet har også sendt eit skarpt brev til Helse Midt-Noreg der dei bad om at konkrete investeringsmidlar blir sett av på budsjettet for å utbetre sjukehusa i Volda og Ålesund.

Fleire har frykta at bygginga av det nye fellessjukehuset vil gå utover oppgraderinga av dei andre sjukehusa under Helse Møre og Romsdal.

Dahl trur det vil vere positivt for alle sjukehusa i Møre og Romsdal at helseføretaket får kontroll på økonomien.

– Eg har registrert at det har vore uro knytt til dette, men eg trur at det beste er å få kontroll på økonomien slik at ein kan gjennomføre bygging av nytt sjukehus, og rehabilitering av dei andre sjukehusa, seier Dahl.