Hopp til innhold

Ikkje uro for Draugen-sal

Den politiske leiinga i Kristiansund er ikkje uroa over at Shell vil selje sine eigardelar i Draugenfeltet utanfor Kristiansund. – Shell har gjort mykje for oss opp gjennom åra og vore ei viktig verksemd her i byen. Vi må ta stilling til at dei vurderer å selje, og er spent på moglegheitene som ligg der og kven som eventuelt kjem inn som eigar, seier Kjell Neergaard, ordførar i Kristiansund.

Kristiansund sin ordførar seier at nye eigarar må drive feltet frå Kristiansund.