– Å sette ned ordførarløna er ikkje ulovleg

Bystyret i Ålesund gjorde ikkje noko gale, då dei sette ned løna til ordførar Bjørn Tømmerdal med 150 000 kroner. Det seier Fylkesmannen.

Lodve Solholm

Fylkesmann Lodve Solholm meiner prosessen i Ålesund har vore uryddig, men ikkje ulovleg.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

Bjørn Tømmerdal

Bjørn Tømmerdal har trua med å gå til rettssak etter at politikarane kutta løna hans.

Foto: Johannessen, Sara / NTB scanpix

Ordførar Bjørn Tømmerdal trua med å gå til rettssak mot kommunen etter at bystyret kutta i løna hans med 150.000 kroner. Han meiner at vedtaket er lovstridig. Det er den slunkne kommunekassa som gjorde at politikarane fann det naudsynt å spare.

Ikkje ulovleg

Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Lodve Solholm meiner ikkje at bystyret i Ålesund har brote lova. I Kommunelova står det at det er kommunestyret som vedtek politikarane si godtgjersle.

– I eit budsjettvedtak kan dei sette ned løna. Det er ikkje ulovleg, seier Solholm. Han meiner likevel at prosessane i Ålesund har vore uryddige, sjølv om vedtaket er lovleg.

Uryddig prosess

Ålesund kommune har eit spesielt system som regulerer ordførarløna etter grunnytinga i Folketrygda. Det betyr at løna skal vere 12,5 gongar grunnbeløpet. Før lønskuttet hadde ordføraren ei løn på 1.026.527 kroner.

– Sidan Ålesund kommune har vedteke dette reglementet hadde det vore mest ryddig at bystyret tar reglane opp til revurdering og tilpassar det til budsjettet. Då får også den som har uttalerett seie sitt, seier Fylkesmannen.

Bjørn Tømmerdal vil ikkje uttale seg i saka før formannskapsmøtet måndag.