NRK Meny

Ikkje søkt om løyve

Det er ikkje søkt om fellingsløyve for jerv i Gråsteindalen i Norddal, men viss det blir levert inn søknad, så må saka behandlast på lik linje med andre søknader. Det seier Marianne Aas Halse i miljøavdelinga hos Fylkesmannen. Bønder som har sau på beite i området har kome over døde dyr med store skadar dei siste dagane, som stammar frå jerveangrep. Det er gitt løyve til jakt på jerv vest for riksveg 63 i Norddal, men det er ikkje søkt om i Gråsteindalen.

Sau angrepet av jerv i Norddal
Foto: Bjørn Helge Rønneberg