Det betyr at det blir både konsertar og robåtregatta på Sinclairfestivalen til sommaren.
Spelet må vente
Når det gjeld Erling Pedersens Sinclairspel, treng det nyvalde festivalstyret meir tid til å normalisere situasjonen etter dei store økonomiske problema i samband med oppføringa på Lesja i fjor sommar.
Styreleiar Per Arne Skomsø seier til Åndalsnes Avis at dei lokale skodespelarane har vist mindre interesse for spelet i år. Det har heller ikkje vore tid til å skaffe sponsorar.
Før Sinclairspelet kan framførast på nytt, må det byggjast opp ein ny og sterkare organisasjon, seier Skomsø.