Hopp til innhold

Ikkje sal etter forliset

Ulstein Verft har ikkje selt ein einaste båt av den same typen som Bourbon Dolphin etter forliset i april.

Bourbon Dolphin
Foto: BOURBON OFFSHORE NORWAY AS / AFP

Det sa viseadministrerande direktør Harald Møller då han forklarte seg for undersøkingskommisjonen i dag.

Møller svarte nei på spørsmålet om han meiner det er noko gale med designet. Han sa også at det ikkje har vore klager frå reiarlaget etter leveringa, men at dei tvert om fekk mykje ros for båten.

 

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL