Hopp til innhold

Russen i Volda bryt over 85 gamal tradisjon

Det kjem ikkje ut russeavis i Volda i år. Og russestyret beklagar det heile. I den tradisjonsrike studiebygda har det kome ut russeavis i ein nesten ubroten tradisjon i over 85 år.

Russ Volda

Russen i Volda er klar for 17.-mai-helga. Øvst står russepresident Marius Helland Bøstrand.

Foto: Guro Mattland Båtevik

Den fyrste russeavisa i Volda kom ut i 1928. Etter dette har det kome ut russeavis kvart einaste år, med to unnatak. Det kom ikkje ut russeavis under krigen. Og under etterdønningane av 68-generasjonen og den beinharde EU-striden meinte dei radikaliserte elevane at russefeiringa hadde utspelet si rolle. Dermed blei det ikkje gjeve ut russeavis i 1973.

– Vi beklagar at vi ikkje klarte å gje ut russeavis i år. Det heile skuldast ein mangel på kommunikasjon her på skulen, forklarar russepresident Marius Bøstrand.

Kommunikasjonsvanskar

I den lange historia til russen i Volda har russeavisene vore laga på fritida. Elevane har sete i friminutta og brukt seine nattetimar på å lage avisa. Dei siste åra har avisene vore produserte av medielina ved skulen.

– Det som har skjedd er at medielinja fekk tilbodet om å lage ei russeavis i eit av programfaga sine. Men dei høyrde aldri frå russestyret om det var interesse for det. Dei spurte heller ikkje, og svarte dermed heller ikkje ja til tilbode om å lage avis, forklarar Bøstrand.

Bøstrand forklarar at det heile var blitt for seint då russestyret byrja å etterlyse resultat av arbeidet med russeavisa. Då hadde medielina begynt med andre prosjekt i staden. Denne linja hadde ikkje høve til å avbryte dei påbegynte prosjekta for å lage russeavis, seier han til NRK.

– Dette var synd

I Volda, og blant tidlegare elevar på Volda vidaregåande skule, har det vekt oppsikt at skulen vert ståande utan russeavis i år. Tidlegare NRK-journalist og tidlegare nyheitsredaktør i Kanal 24, no redaktør for nettleksikonet Allkunne, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er ei av dei som reagerer på sosiale medium.

– Dette er synd. Og det er overraskande at produksjonen av russeavisa har blitt til ein del av eit fag. Vi brukte friminutta, kveldar og helgane. Vi sat oppe om natta og skreiv. Dette var frivillig arbeid og inntektene gjekk til ei god sak, seier ho.

Ho viser også til at mange av dagens journalistar har starta karrieren sin nettopp i russeavisa.

Mange som i dag er journalistar og redaktørar starta karrieren sin nettopp i russeavisa. Russeavis er ein god tradisjon, og eg oppmodar avgangselevane neste år om å lage verdas beste russeavis, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

– Avisene er blitt dårlegare

Innehavar av ei av dei mest omfangsrike samlingane av norske russeaviser, Jostein O. Mo i Ørsta, er derimot ikkje særleg skuffa. Han meiner at kvaliteten på avisene er gått ned, og at det var på tide at avisa blei lagt ned.

Russeavisene dei siste åra har halde svært låg kvalitet. Det har handla mest om dei sjølve og om kva som hende på eit og anna russediskotek. Det har stort sett vore rølpetull, seier Jostein O. Moe.

Han ser for seg at russen framover heller konsentrerer seg om intern moro.

Dei får heller skrive sine eigne bloggar, eller kanskje konsentrere seg om å skrive ei minnebok frå tida si som elevar og dermed halde det heile internt, seier Mo.

Plaster på såret

Elevane ved Volda vidaregåande skule har likevel skrapa saman eit tilbod til bygda. I torsdagens utgåve av avisa Møre var det eit fire siders russevedlegg.

Vi fekk til dette i siste liten. Og vi beklagar at kommunikasjonen mellom medielinja og russestyret svikta, seier russepresident Bøstrand.


.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL