Hopp til innhold

Ikkje overraska over kuttforslag

Ordførar i Vanylven kommune, Lena Landsverk Sande, er ikkje overraska over at fylkesrådmannen foreslår å legge ned den vidaregåande avdelinga i Vanylven, som høyrer til Herøy vidaregåande skule, men ho har trua på at skulen vil halde fram. – Eg har trua på at dei fortsette drifta. Skal ein skape vekst i Møre og Romsdal må ein sørgje for å få fleire innbyggjarar, det får ein ikkje ved å kutte i utdanningstilboda, seier ho.

Lena Landsverk Sande
Foto: Trond Vestre / NRK