Hopp til innhold

Ikkje nattestengt likevel

Det er normal rute i ferjesambandet mellom Sølsnes og Åfarnes på fylkesveg 64 igjen. Arbeidet som førte til at sambandet var nattestengt frå måndag 2. september er no avslutta. Grunnboringa skulle etter planen halde fram til laurdag morgon den 14. september, men arbeidet gjekk raskare enn føresett og vart ferdigstilt i løpet av helga. Dermed vil ikkje ferjesambandet vere nattestengt denne veka, og ferja går igjen som normalt, seier prosjektleiar Rolf Arne Hamre i Statens vegvesen.

Ferga mellom Sølsnes og Åfarnes
Foto: Steinar Vikås

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL