Fem kommunar på Nordmøre tar initiativ til å lage eit spleiselag som skal sørge for at ferjekapasiteten på strekninga Halsa-Kanestraum blir akseptabel.
Kommunane vil gå inn med ein tredel av dei drøye 600 000 kronene som trengst for å få reserveferja Linge i drift i periodane med mest trafikk.
Men rådgivar i vegvesenet, Leif Heggstad, seier budsjettet er sprengt og kan ikkje love ei ekstra ferje på strekninga.
Han vil likevel vurdere tilbodet frå kommunane.