Hopp til innhold

Vil ikkje utvide opningstida for Fannefjordtunnelen

Brukarane sitt krav om utvida opningstid for Fannefjordtunnelen blei ikkje høyrt. Under eit folkemøte tysdag kveld gjorde Statens vegvesen det klart at dei ikkje vil halde lenger ope medan tunnelen blir pussa opp.

Folkemøte om Fannefjordtunnelen

Det var trangt om plassane under folkemøtet i Skålahallen tysdag kveld.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det mangla ikkje på kritiske røyster under folkemøtet i ein fullsett Skålahall i går kveld. Bebuarar på Skålahalvøya og Bolsøya er langt frå fornøgd med planane for tunnelen.

– Kravet vårt er at tunnelen skal haldast open til klokka 21. Men vegstellet vil tydeleg heller bruke pengar på alle andre tiltak, sa aksjonsleiar for bebuarane, Steinar Malones.

Skal pussast opp i eitt år

Ole Jan Tønnesen snakkar på folkemøte om Fannefjordtunnelen

Ole Jan Tønnesen måtte svare for vegvesenet sine planar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Frå november skal den undersjøiske tunnelen pussast opp for meir enn 200 millionar kroner. Dermed må tunnelen stengast i periodar gjennom heile anleggsperioden på eitt år.

Statens vegvesen ønskjer å halde tunnelen stengt frå klokka 1800–0600 kvar dag, men planane har sett sinna i kok hos dei som brukar tunnelen.

På møtet i går slo vegstellet fast at det ikkje er mogleg for dei å få til det bebuarane krev.

– Vi klarer ikkje å levere ei utvida opningstid slik det ser ut no, men vi prøver å få til ordningar som skal kompensere for dette, både med omkøyringsveg og hurtigbåt, seier avdelingsdirektør Ole Jan Tønnesen i Statens vegvesen.

Engasjement på folkemøte om Fannefjordtunnelen

Stort engasjement i salen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK
Lang omkøyring

Det er den lange omkøyringsvegen om Osen og Kleive som gjer folk skeptiske til løysinga. For mange blir reisetida til og får Molde sentrum forlenga med ein time etter at tunnelen er stengt.

Statens vegvesen vil kompensere med hurtigbåtrute og fleire bussar, men bebuarane meiner dette ikkje er godt nok og meiner tunnelen bør haldast open til klokka 21. Tønnesen meiner dette ikkje er mogleg.

–Vi har gjort vurderingar av trafikktryggleiken. Våre fagfolk seier det ikkje er forsvarleg å sende gjennom trafikk når tunnelen open når det går føre seg sprenging og sementarbeid, seier han til NRK.

–Er det ikkje mogleg med kolonnekøyring?

–Det er vanskeleg å få til innanfor dei økonomiske rammene vi har for prosjektet, seier Tønnesen.

Misser fritidstilbod

Tanja Pedersen bur på Bolsøya. Trass i tilbod om hurtigbåt seier ho mange av dei som bur der no misser fritidstilboda sine.

– Det er mange barn som har aktivitetar på andre sidan av fjorden, som misser desse fordi det tar for lang tid å komme seg heim. Det er mange som jobbar i sentrum og som sluttar etter klokka 18, for dei blir dette veldig vanskeleg, seier ho.

Ingen lovnader frå ordføraren

Torgeir Dahl

Torgeir Dahl er ordførar i Molde.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Også ordførar Torgeir Dahl (H) var til stades på møtet i går. Han forstår frustrasjonen til dei som brukar tunnelen, men kan ikkje love at tilbodet blir betre.

– Dei opplever at dei får ei løysing i denne perioden som er svært krevjande, og det har eg respekt for. Så har ein prøvd å legge til rette med eit hurtigbåttilbod og eit kollektivtilbod, så får vi sjå om vi kan gjere dette betre, seier Dahl til NRK.

Han viser likevel til prosjektet likevel må gjennomførast innanfor dei rammene som er lagt.

– Det er beklageleg, men slik er det.