457 elevar står utan lærlingplass i Møre og Romsdal.
Særskild vanskeleg er det for elevar som går helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar.
Les og:
Har ikkje gode nok vitnemål
Anita Øen i Sunnmøre Kommunale Opplæringskontor følger opp ein del av helsefagarbeidar-lærlingane, og har ansvaret for kontakt med eksterne samarbeidspartnarar, kurs for leiderar og instruktørar.
Ho trur dei aller fleste lærlingar vil få plass til hausten, men seier at nokon rett og slett ikkje har kompetansen dei treng.
– Dei lærlingane vi tek inn må ha bestått alle fag på vg1 og vg2. Vi ser på heilskapen: vitnemål og karakterar, oppmøte, orden og oppførsel.
Anita Øen seier at nokon lærlingar rett og slett ikkje har kompetansen dei treng.
Foto: Sissel Helen Kvalvik / NRK«Kommunen må ta inn»
Gunn Berit Gjerde i Utdanningsutvalet meiner det er for lettvint å seie at elevane manglar kompetanse.
Les og:
– Dei svake elevane må ha eit tilpassa tilbod. Men eg veit og om mange kjempegode elevar som ikkje får plass, fordi kommunen ikkje tek inn nokon.
Ho oppfordrar kommunen til å ta inn elevar slik at dei får ein sjanse til å komme vidare i utdanninga si.