Ikkje gasskraft i vinter

Det blir neppe nødvendig å bruke kraft frå dei mobile gasskraftverka på Tjeldbergodden og Nyhamna i vinter.

Det mobile gasskraftverket på Tjeldbergodden

Gasskraftverket på Tjeldbergodden under montering

Foto: Kjell Herskedal, Kjell Herskedal / SCANPIX

Kilde: NRK

Kommunikasjonsdirektør i Statnett, Tor Inge Akselsen.

Kommunikasjonsdirektør i Statnett, Tor Inge Akselsen

Foto: NRK

- Kraftsituasjonen i Midt-Noreg er så pass bra at vi er nokså sikre på at vi ikkje treng kraft frå desse gasskraftverka i vinter, seier kommunikasjonsdirektør Tor Inge Akselsen i Statnett.

Statnett har enno ikkje fått utsleppsløyve for gasskraftverket på Tjeldbergodden. - Planen vår er å teste ut anlegget i januar, og då må vi ha fått utslepssløyve. Anlegget på Nyhamna kjem noko seinare, seier Akselsen.

Dei to mobile gasskraftverka kostar 1,5 milliardar kroner, noko alle straumkundar i Noreg må vere med og betale. Statnett seier dei er nødvendige så lenge kraftsituasjonen i Midt-Noreg ikkje er betre, og dei blir truleg ståande i fem år. Då skal den planlagde kraftlinja mellom Sogn og Sunnmøre vere bygd.

 

Siste video/lyd

Jegarar i i Møre og Romsdal seier sal av skog øydelegg for jakt i distrikta. Statskog har snart selt all skog i Møre og Romsdal til private.
Så skal det handle om den omdiskuterte selfangsten. I Tjørvåg i Herøy ligg det einaste mottaket av sel i landet, og næringa har i mange år vore inne i ei laber utvikling. Men eigarane har likevel tru på framtida....
Legevakta i Ålesund flytta i dag inn i nye lokaler berre eit steinkast unnna dei gamle. Frå no av kan pasientar bli lagt inn for observasjon og behandling.