Hopp til innhold

– Alle reisande skal ha garanti

Reiser du kollektivt i Møre og Romsdal så har du ikkje same garanti som i dei fleste andre fylke. Forbrukarrådet reagerer på at det ikkje er innført nasjonal reisegaranti.

Buss

Møre og Romsdal vart ikkje inkludert då dei fleste andre fylke fekk innført reisegaranti.

Foto: Petter Strøm / NRK

Roger Helde

Regiondirektør Roger Helde ved Forbrukarrådet i Møre og Romsdal og Trøndelag.

Foto: Kjell Håkon K. Larsen / Forbrukerrådet

Garantien skal sikre rettane dei reisande har dersom bussen er forseinka eller ikkje kjem. Møre og Romsdal er eitt av fire fylke som framleis manglar reisegaranti – resten av landet har hatt det sidan 2009.

Regiondirektør Roger Helde ved Forbrukarrådet ber fylkeskommunen om å handle raskt.

– Vi ønskjer at alle kommunane i landet skal ta i bruk den reisegarantien som blei innført i 2009, seier Helde.

– Vil vere enklare for brukaren

Reisegarantien skal sikre brukaren rettar og informasjon.

– Det gjer det enkelt for alle brukarar å vite kva dei har krav på dersom bussen er forseinka eller ikkje kjem. Det gjer det og enklare for brukarane å få pengane tilbake att, seier Helde.

Den nasjonale Reisegarantien skal gjere det enklare for folk å få erstatning dersom reisa med offentleg transportmiddel ikkje går som ho skal. NHO Transport og Kollektivtrafikkforeninga gjorde avtale om garantien for om lag fem år sidan – men Møre og Romsdal står framleis utanfor. Det gjer også Nord-Trøndelag, Finnmark og Aust-Agder.

Sikre lik brukarrett

No har Forbrukarrådet oppmoda fylkeskommunen om å ta reisegarantien i bruk. Helde seier at reisegaranti bør vere ein del av avtalen når fylkeskommunen skriv kontrakt med eit kollektivselskap.

– Dette er jo ein del av vårt arbeid for å sikre lik brukarrett i heile landet. Fleirtalet av fylkeskommunane har innført dette, og vi ser ingen grunn til at Møre og Romsdal ikkje skal innføre dei same rettane som i andre delar av i landet.

Hovudregelen er at reisegarantien alltid gjeld, men der finst unntak.

– Det kan vere at avviket er annonsert på førehand, eller det kan og vere innstilling som skuldast ting som er utanfor transportøren sin kontroll, slik som ekstraordinære verforhold eller naturhendingar, då gjeld ikkje reisegarantien, avsluttar Helde.