Hopp til innhold

Krev betre ferjetilbod

Ordføraren i Aukra krev betring av ferjetilbodet mellom Aukra og Hollingsholmen. Årsaka er gigantutbygginga på Nyhamna.

Bernhard Riksfjord

Aukraordførar Bernard Riksfjord (Ap) meiner utbygginga på Nyhamna svarar til eit langt betre ferjetilbod enn i dag.

Foto: Gunnar Sandvik

Utbygginga av Nyhamna dei komande åra betyr stor trafikkauke og behov for ferjer døgnet rundt, meiner ordførar Bernhard Riksfjord.

– No står vi overfor Nord-Europas største industriutbygging. Det skal vere tusenvis av nye arbeidarar. Derfor er dette svært viktig for dei som jobbar der, enten det er fast eller på engasjement, seier han.

I dag går 87-bilers ferja Eira i sambandet mellom Aukra og Hollingsholmen. Nattetid er ferjetilbodet dårleg. Aukraordføraren krev derfor to ferjer og hyppig med nattferjer i sambandet.

– Vi har bedd fylkeskommunen om to ferjer i ein 12–13 times syklus, og så ei ferje som kan gå resten av døgnet, fortel han.