NRK Meny
Normal

Ikkje bra å tru at våren er komen

Temperaturskilnader på over 30 grader i slutten av januar, kan lure gras, planter og tre til å tru at våren har kome. Det er ikkje bra, meiner ekspertar.

Snø,slaps, is

Snø,is og slaps ligg utover markane mange plassar i fylket. Blir det frost utan lunande snølag oppå, kan isbrann bli resultatet.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Det ekstremt varme vêret som sveipa over fylket tidlegare i veka, og meteorolog- meldingar om plussgrader i dagane framover, kan lure mange og ein kvar. Også det som ligg i vinterdvale.

Men det spørst om ikkje det er ein "lure-vår" som kan vere på ferde, meiner dei med god kunnskap om det som kan skje i naturen slike nesten-vårdagar.

Den sterke stormen med orkan i kasta som er meldt til helga, kjem truleg til å setje sine spor. Men det er også spaning knytt til korleis vêret blir vidare utover vinteren.

Varmande sol gir skadeleg is

Både gras, planter og tre kan bli lurt til å vakne av vinterdvalen dersom mildvêret held seg lenge. Kjem det frost attpå, er resultatet nesten gitt.

Sverre Heggset, rådgivar i Landbruk Nordvest, seier det kan gå rett ille, dersom ikkje naturen spelar på lag både over og under jorda. Sterk sol kombinert med islagde marker, er verste alternativet.

sverre heggset

Sverre Heggset i Landbruk Nordvest ventar spent på kva ver vinteren vidare vil bere med seg.

Foto: Gunnar Sandvik

– Enten bør det no bli enno meir mildvêr slik at all is forsvinn på eng og mark, eller så bør vi få meir påfyll av snø, seier Heggset.

Verst er det om is blir liggande på mark og eng heilt fram til at sola byrjar å varme for alvor. Då kan isbrann og store avlingsskadar bli resultatet, seier landbruksrådgivaren.

Dødeleg kombinasjon

Isbrann inneber at sola varmar tvers gjennom isen og skadar graset under.

Sidan islaget er potte tett, ligg då isen som ein plastfilm over graset. Når så graset reagerer på varmen ved å starte groing, oppstår inga luftveksling under isen, slik planter og gras treng.

Eng med snø og is

Enno går det bra på denne marka, men frys det is etter all nedbør, kan det gå mot isbrann når sola får sleppe skikkeleg til.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Dermed blir det som gror rett og slett kvelte i sin eigen avgass.

– Plantene lir ein kvelingsdød på det viset, seier Heggset.

Er jorda full av tele med iskappe oppå, kan det gi uttørking. Både hageplanter og tre er særleg utsette, seier rådgivaren.

Overjordisk fare

Når sola byrjar å bli skikkeleg varme, vaknar sjølvsagt "den overjordiske" delen av plantene til liv.

– Då treng dei vatn, men er det samtidig tele i jorda, er rotsystemet er frose fast i telen. Det har ingen sjanse til å ta opp den livgivande veska. Då er uttørking og død neste steg, seier Sverre Heggset.

Nettopp denne " mekanismen" er årsaka til at tujaplanter blir brune og visnar bort.

Tuja med skade

Brune greier mellom dei grøne er teikn på at tujaen har for lite vatn.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Enno er det ingen stor grunn til å uroe seg for at det skal gå ille med det som ventar på våren, meiner Sverre Heggset.

Like fullt er ønskjelista til dei som steller med det som skal gro og grønskast, at det må kome litt meir snø, noko regn og meir normale temperaturar for årstida, før sola for alvor kjem med sine varmande, livgivande strålar.