NRK Meny

Ikkje bompengefritak

Velforeninga Vågstranda vel har fått avslag på søknaden om fritak for bompengar på Vågstrandtunnelen.

I mars sende Vågstranda vel brev til samferdsleministeren der dei kravde bompengefritak for innbyggarane på Vågstranda.

Samferdsledepartementet svarar at Stortingsvedtaket om bompengefinansiering står fast. Likevel kan bompengereforma føre til framtidig reduksjon av bompengesatsane, heiter det i brevet.