Hopp til innhold

Ikkje blaserte MFK-supporterar

Med fem titlar på fire sesongar skulle ein kanskje tru at MFK-fansen snart vart ein smule blasert ? Men dette vart kategorisk avvist av fansen som kom fornøgde ut av Ullevaal stadion søndag ettermiddag.

Ikkje blaserte MFK-tilhengarar

Per Roar Gjermundnes, Ine M. Vollan og Espen Harstad er ikkje blaserte etter ein ny tittel er sikra av MFK søndag.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Vi veit kva det vil seie å vere langt nede, seier Ine M.Vollan, medlem i Tornekrattet. Vi er langt frå blaserte, og vert nesten fornærma over å få spørsmålet i det heile tatt.

Molde er i ferd med å vise den same stabiliteten som Rosenborg hadde på store delar av 90-talet og utover 2000-talet. Med tre seriemeisterskap og to cuptitlar er premieskapet på Aker Stadion i ferd med å verte fylt opp.

Tungt i 2006/2007

Men mange MFK-fans hugsar nok den tunge perioden i 2007 då laget var i 1.divisjon. Med Kjell Jonevret på plass kom laget på rett kurs og rykte opp att i Eliteserien før det vart sølv både i serie og cup i 2009, men no er Molde kvitt nestenstempelet. No leverer dei blåkvite varene på løpande band.

Som dei gjorde i finalen mot Odds BK. Det var forventningar til at Molde skulle vere hakket betre og vinne kampen, og det var akkurat det dei gjorde. Det vitnar om kvalitet.

Espen Harstad i Tornekrattet trur ikkje det er nokon grunn til at dette skal stoppe opp no. Trenaren er sjølsagt viktig, og med trenarar som Ole Gunnar Solskjær og Tor Ole Skullerud, og godt med økonomiske ressursar har Molde etablert seg som landets beste lag. Så gjeld det å forsvare posisjonen frå år til år. Det vert utfordringa for alle i klubben i 2015 og åra som kjem etter det.

Jublande MFK-fans

Jublande MFK-fans søndag ettermiddag.

Foto: Arne Flatin / NRK
jublande MFK-supporterar etter cupfinalesiger
Glade MFK-supportarar etter at Molde vann cupfinalen.