Ikkje Autopass før nyttår

Vestlandsfylka kjem ikkje til å innføre AutoPass på fylkesvegferjene før nyttår. Det er klart etter møtet i Vestlandsrådet i dag. Det betyr at dagens rabattkort skal gjelde fram til 1.januar 2020. Hordaland og Møre og Romsdal har tidlegare avvist framlegget frå Vegdirektoratet som er innført på riksvegferjene etter stor lokal misnøye. Det er viktig at dei fire vestlandsfylka finn ei samla løysing, seier fylkesordføraren i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap). Målet er at dei dei fire vestlandsfylke skal gjere likelydande vedtak i oktober. Vegdirektoratet har kall inn fylka til møte i oktober.

Autopass på ferja
Foto: Tore Ellingseter / NRK