Hopp til innhold

Ikkje alle brannsløkkingsapparat kan sløkke ein brann

Fleire norske husstandar har ikkje brannsløkkingsapparat som er effektive nok til å sløkke ein brann. – Det er svært alvorleg, seier brannmann.

Brannsløkkingsapparat

IKKJE EFFEKTIVE NOK: To 6 kilo tunge brannsløkkingsapparat kan sjå heilt like ut, men det kan vere stor skilnad på kor effektive dei er i ein brannsituasjon. Alle norske husstandar skal etter lova ha brannsløkkingsapparat med effektivitetsklasse 21A.

Foto: Remi Sagen / NRK

Mange har møtt opp på brannstasjonen i Spjelkavik i Ålesund denne ettermiddagen. Alle står tett i tett i kø med sine raude og tunge sløkkingsapparat. Dei er her for å få fagfolk til å sjekke om det fungerer slik det skal. Og det er det ikkje alltid det gjer, ifølgje Pål Finsæther, leiar for handsløkkaravdelinga i Ålesund brannvesen.

Pål Finsæther

BRANNMANN: Pål Finsæther er leiar for handsløkkaravdelinga i Ålesund brannvesen.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Kvart år kjem folk med sløkkingsapparat som ikkje fungerer. Heldigvis har vi om lag 40–50 apparat som vi kan låne ut, slik at dei får med seg eit heim og kan sikre beredskapen i heimen, seier Finsæther.

Ulike effektivitetsklasser, ulik effekt

Vi er inne i den mest brannfarlege månaden i året og difor bør utstyret vere i orden. Etter lova skal alle ha eit brannsløkkingsapparat i hus, men ikkje alle har eit med godkjent effektivitetsklasse, med andre ord eit som er kraftig og effektivt nok til å sløkke ein brann.

– I norske husstandar skal apparatet ifølgje lova ha minimum effektivitetsklasse 21A.

Pål Finsæther, leiar for handsløkkeravdelinga i Ålesund brannvesen
Brannsløkkingsapparat

EFFEKTIVITETSKLASSE: Talet på effektivitetsklassa til brannsløkkingsapparatet står framme på apparatet, under der det står handsløkkar. Dette sløkkingsapparatet har effektivitetsklasse 13A.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Du får kjøpt brannsløkkingsapparat på fleire butikkar, men det folk kanskje ikkje er klar over er skilnaden på dei ulike effektivitetsklassene. To 6 kilo tunge brannsløkkingsapparat kan sjå heilt like ut, men det kan vere stor skilnad på kor effektive dei er i ein brannsituasjon.

Det at fleire kjem inn til sjekk med brannsløkkingsapparat som ikkje har høg nok effektivitetsklasse bekymrar Finsæther.

– Eg har fått inn ein del apparat med effektivitetsklasse 13A. Det er alvorleg og det verkar å ikkje vere godt nok opplyst at apparata skal ha minimum klasse 21A, seier han.

Brannsløkkingsapparat blir testa opp i mot bål. Med effektivitetsklasse 13A klarer ein berre å sløkke eit bål som er 1,3 meter langt.

Oppmøte på Spjelkavik brannstasjon for sjekk av brannsløkkingsapparat

KØ: Fleire hadde stilt seg i kø på brannstasjonen i Spjelkavik i Ålesund for å få sjekka sine brannsløkkingsapparat.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

– Røykvarslar er det viktigaste

Er det falsk tryggleik i eit brannsløkkingsapparat med klasse 13A?

– Eg trur du ville klart å sløkke ein liten brann med det, men ifølgje lova så skal du ha minimum klasse 21A i norske husstandar, seier Finsæther og legg til:

– Men eg vil seie at det aller viktigaste du har i huset er røykvarslaren, og sjølvsagt eit fungerande brannsløkkingsapparat.

Desember er den mest brannfarlege månaden i året

INSTRUKSJON: Pål Finsæther i Ålesund brannvesen viser korleis du brukar brannsløkkingsapparatet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL