NRK Meny
Normal

– Alt for mange born har ei lite hyggeleg tid i vente

Det er ingen tvil om at advent og julehøgtida er ei heilt spesiell tid for borna. Men det finnast også skyggesider ved feiringa. Det er nemleg born som fryktar at jula kan bli øydelagd fordi mamma eller pappa drikk for mykje alkohol.

Kari Randen og gutt

Kari Randen i alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL synast det er trist at somme born grur seg til jul. Eitt av fem born veks opp i ei familie der alkohol er eit problem. I julehøgtida er alkoholkonsumet gjennomsnittleg høgare enn elles i året, og då kan problemet forverre seg.

Foto: AV-OG-TIL

Folkehelseinstituttet har estimert at rundt 90.000 barn til kvar tid bur i heimar der alkohol blir misbrukt. Ifølgje Statens institutt for rusmiddelforsking er det opp mot 150.000 barn og unge under 18 år som bur saman med foreldre med eit risikofylt alkoholkonsum.

– Det er alt for mange born som får, og dessverre må ta eit alt for stort ansvar for at heimen skal fungere, når foreldra drikk for mykje. Det er frykteleg trist at det er slik. Borna ynskjer seg jo ei god og trygg julefeiring.

Det seier Kari Randen, som er dagleg leiar i AV-OG-TIL, ein kampanjeorganisasjon for alkovett. Ho meiner alkoholen har fått for stor plass i julefeiringa.

– For born kan det at foreldra drikk alkohol både vere forvirrande og skremmande. Ein bør ha eit sunt forhold til alkohol og vise omsyn med borna til stades, som til dømes i jula.

Alt for mange born har ei lite hyggeleg tid i vente.

Kari Randen, dagleg leiar i AV-OG-TIL

– Vi drikk meir alkohol enn vi gjorde før. Alkoholkonsumet har auka jamt og trutt dei siste 20 åra. Det betyr både at vi møter alkohol i mange fleire samanhengar enn før, og at vi i større grad har med oss borna våre i samanhengar der det er alkohol.

Kari Randen

Kari Randen i AV-OG-TIL fortel at ein i takt med den kraftige auken i alkoholkonsumet dei siste 20 åra, ser at foreldre i større grad har med seg borna i samanhengar med nettopp alkohol i biletet.

Foto: AV-OG-TIL

Ifølgje ein rapport utarbeidd av Oslo Economics veks opp i mot eitt av fem born opp i familiar der alkohol er eit problem. I julehøgtida er både inntaket og salet av alkohol større, og problemet kan forverre seg i mange familiar.

– Alt for mange born har difor ei lite hyggeleg tid i vente, seier Kari Randen.

Fuktig desember

Desember, med julebord og familieselskap som perler på ei snor, blir rekna som den ”fuktigaste” månaden i året. Så fuktig er årets siste månad at Vinmonopolet om lag doblar omsetninga si.

Sten Magne Berglund er fagsjef i Blå Kors, ein organisasjon som jobbar for å opplyse om, førebyggje og skape gode haldningar i forhold til alkohol.

– Det er for mange born som veks opp i heimar der alkohol er vanleg, til og med i kvardagen. Men også i andre heimar, der det er langt mindre vanleg, kan borna reagere på foreldra sitt alkoholkonsum.

Sten Magne Berglund

Sten Magne Berglund i Blå Kors, seier julehøgtida byr på ekstra utfordringar for både vaksne og born. Han manar dei vaksne til å tenkje ekstra godt på korleis dei kan skape gode juleminne for borna.

Foto: Blå Kors

– Vi er difor opptekne av at folk faktisk reflekterer litt over korleis ein vil feire jul, og korleis ein kan vere gode og føreseielege vaksne for borna sine, seier Sten Magne Berglund.

«Hvit jul»

Jula er ei tid for familiesamkome, glede, god mat og god drikke. Spesielt sistnemnde kan mistolkast, og inntaket av alkohol er gjerne større hos den enkelte i desember månad grunna julebord, familieselskap og mange tradisjonelle festdagar.

– No før jul er vi på plass lokalt, på standar i mange kommunar over heile Noreg. Vi jobbar også godt i lag med fleire frivillige organisasjonar for å distribuere materiell og for å opplyse folk om kor viktig det er å ha respekt for alkohol, og kva alkoholen kan gjere med deg sjølv og andre, seier Sten Magne Berglund i Blå Kors.

I tillegg til intensivering av sitt eige arbeid, er Blå Kors med og støttar opp om kampanjen "Hvit Jul", som er ein samarbeidskampanje mellom junior- og barneorganisasjonen Juba, ungdomsorganisasjonen Juvente og fred- og edruskapsorganisasjonen IOGT.

– Bodskapen til kampanjen er at så mange som mogleg må prøve å feire ei "kvit jul", det vil seie at ein feirar utan alkohol, og at ein har aktivitetar som alkohol ikkje er ein del av, seier Sten Magne Berglund avslutningsvis.

Alkohol i jula

For mange har alkohol blitt ein del av julemåltidet, anten det er vin, akevitt eller øl. – For born kan det at foreldra drikk alkohol både vere forvirrande og skremmande. Ein bør ha eit sunt forhold til alkohol, og helst vise omsyn med borna til stades, seier Kari Randen i alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix