Over heile landet brukar barn og unge anlegg til heilt ulike leigeprisar. No vil forbundet ha slutt på at kommunane sender faktura til barneidretten.
– Alle unge burde få gratis bruk, uansett om dei driv med handball, fotball, kampsport eller break dance, seier idrettspresident Zaineb Al-Samarai.
Ein slik reform kan vere eit av dei viktigaste folkehelsetiltaka i åra som kjem, meiner toppane i norsk idrett.
PRISEN: Mange har vore bekymra for at barneidrett har blitt for dyrt. Her eit arkivbilete frå Kvaløya ved Tromsø.
Foto: Pål Hansen / NRKBekymra for aukande prisar
Under ein debatt i Molde var den ferske presidenten bekymra for aukande prisar i idretten.
– Det kostar å drive med idrett, og me er inne i ei tid kor fleire ikkje kan delta som følgje av økonomien til foreldra, sa ho ifølge Romsdals Budstikke, som først meldte om utspelet.
Al-Samarai kom også med eit stikk til byen som same veka spelte playoff til Champions League.
– Gratis anlegg er ein viktig bodskap. Det er det ikkje i Molde, sa Al-Samarai.
– Men kommunane har gjerne pressa økonomi?
– Ja, i Molde brukte dei det som argument. Politikk er prioriteringar, og me er takknemlege for dei kommunane som vil investere i barn og unge, seier presidenten til NRK.
Ho peikte blant anna på at rivalen og nabobyen Ålesund har eit slikt gratistilbod.
– Trass meir pressa økonomi leverer Ålesund på dette. Det gjer også Oslo og fleire kommunar i til dømes Agder og Trøndelag.
ORDFØRAREN: Torgeir Dahl kunne lese om idrettspresidentens besøk i nettavisene.
Foto: Tore Ellingseter / NRK– Vil slite utan inntekter
– Haha, det tenker eg ho ønsker seg, humrar ordførar i Molde, Torgeir Dahl. Før han blir meir alvorleg.
– Eg skulle ønske idrettspresidenten hadde avtalt eit møte når ho var her, så me slapp å fekte slik utan å møtas ansikt til ansikt, seier Dahl.
Ordføraren fortel at dei har valt å byggje ut nye idrettsanlegg for fleire hundre millionar dei siste åra, og ville slite med å drive dei utan inntekter.
– Dei har billeg leige, den er subsidiert så det rekk. Me også ønsker at det skal vere så rimeleg som mogleg, men saman med lag og klubbar har me funne ei mellomløysing.
IDRETTENS HUS: Det nye fleirbruksanlegget i Molde kosta til dømes 183 millionar kroner.
Foto: Molde Eiendom KFDahl fortel at Molde ville tapt mellom 6–7 millionar kroner ved gratis leie. Av eit budsjett på over ein milliard kroner.
– Desse pengane ville me måtte dekt inn på anna vis, til dømes ved å stramme inn på kulturmidlene til kor og korps, eller til jazz- og barnefestivalen i byen. Så dette er nok langt meir komplekst enn idrettspresidenten ser for seg.
Ordførar Dahl seier at det er viktig at alle barn og unge får vere med uansett økonomi, og at dei fleste klubbane i byen har ordningar som dekker kostnadar for familiar med svak betalingsevne.
BARNEIDRETT: Her frå ein stafett i Molde til fulle tribunar.
Foto: Gunnar SandvikGratis til alle aldrar
Idrettspresident Zaineb Al-Samarai trur at gratis anlegg vil vere eit godt verkemiddel for å få folk tilbake i same aktivitet som før pandemien.
– Me skulle gjerne ha gratis leige for alle aldrar, men skjønnar at me må starte ein stad.
Ho slår fast at ønsket frå Idrettsforbundet gjeld for alle idrettar og alle bygg som skal brukast av ung idrett – som til dømes skular til soving under turneringar.