Hopp til innhold

Idrettsleiar dømd for å ha stole frå misjonen

Leiaren for eit lokalt idrettslag i Møre og Romsdal er dømd til fengsel etter å ha stole 43 000 kroner frå misjonen. Alt blei filma av eit overvakingskamera.

Video nsps_upload_2009_3_10_19_38_56_210.jpg

Idrettsleiaren som no er dømd for å ha tatt 43 000 kroner frå ein minibank, ønskjer ikkje å seie noko om kvifor han gjorde det. Han har ikkje informert arbeidsgjevaren sin om dommen han nyleg fekk. (Illustrasjonsfoto)

Foto: FRANCOIS DESTOC / PHOTOPQR/LE TELEGRAMME

Det var i november i fjor mannen kom til minibanken i ein sparebank i fylket. Her klarte han å få ut 43 000 kroner frå førre kunde.

Verken banken eller mannen sjølv ønskjer å forklare eksakt kva som skjedde, men banksjefen seier ein feil hos den førre brukaren var årsaka.

– Dei visste ikkje heilt korleis dei skulle bruke automaten, seier banksjefen.

Ifølgje dommen blei det gjort opptak av hendinga av overvakingskameraet, og opptaket skal ha vist at mannen tok pengane ut av automaten.

Kjenner ikkje saka

For bankautomaten var av typen som ikkje berre gir ut pengar, men der det også er mogleg å setje inn pengar. Den førre kunden hadde ifølgje dommen tilknyting til organisasjonen Normisjon, og sette inn 43 000 kroner. Men vedkomande klarte ikkje å gjere det korrekt, og dermed blei ikkje pengane låst inne, men låg tilgjengeleg for nestemann.

Men Normisjon kjenner ikkje saka, verken den lokale representanten i den kommunen der dette skal ha skjedd, heller ikkje på regionnivå eller nasjonalt.

For oss er saka ukjent, seier regionleiar i Møre, Torgeir Frøsøye.

Han ser ikkje bort frå at det kan ha vore ein enkeltperson som har sett inn pengane, og han klarer tysdag kveld ikkje å finne ut av rekneskapen om pengane er komne fram.

Heller ikkje banksjefen ønskjer å seie noko om kvar pengane er, og viser til teieplikta etter Finansavtalelova.

Frøsøye seier tjuveriet uansett er trist, men at det er tydeleg at den personen som har gjort dette, ikkje har tenkt over at det tilfeldigvis var Normisjon som eigde pengane.

– Eg håper han får den hjelpa han treng, seier Frøsøye.

Leiar i idrettsklubb

Mannen som no er dømd for underslaget er leiar i ein idrettsklubb i fylket. Han opplyser til NRK at han ikkje har informert klubben om dommen, og at han ikkje ønskjer å gjere det. Han meiner det ikkje er relevant for arbeidsgjevaren, og ønskjer ikkje å seie noko om kvifor han tok pengane.

– Nei, eg vil ikkje informere klubben, dei er ikkje implisert, seier mannen.

– Trur du leiinga i klubben er samde i det?

– Det veit eg ikkje.

– Men du har vel ansvaret for økonomien i klubben?

– Nei, eg har ikkje noko med økonomien å gjere. Det går via økonomileiaren, seier mannen, og seier han ikkje disponerer pengar eller kontoar for klubben.

Dom på vilkår

Idrettsleiaren vedgjekk alt då saka nyleg var oppe i ein av tingrettane i Møre og Romsdal. Retten meiner beløpet er straffeskjerpande, men gir mannen rabatt for å ha tilstått alt.

Etter at artikkelen blei publisert har NRK fått informasjon om at Normisjon fekk pengane inn på konto i desember, og at saka er avslutta frå deira si side.