Hopp til innhold

Idrettslærar vart tatt av skred: – Eg gjorde gode vurderingar

Då den erfarne turgåaren Martin Andersen skulle køyre ned att frå Gjuratind i Isfjorden i Romsdal, vart han tatt av eit skred og sendt 400 meter nedover fjellsida. Han meiner at han gjorde gode vurderingar av skredfaren.

Martin Andersen på topptur

Dette biletet frå toppen vart tatt ein halvtime før Martin Andersen vart tatt av skred.

Foto: privat

På rein refleks prøver Martin Andersen å symje gjennom snøraset og få kontroll. Han blir kasta utfor ein skrent og tenker at han for all del ikkje må lande på ein stein. Under første fallet kjenner han at skuldra går ut av ledd. Idrettslæraren vert sendt 400 høgdemeter ned gjennom fjellsida før han stansar med to knekte ski og knust hjelm.

Det er gått to dagar sidan Andersen frå Lillehammer gjekk på topptur i Romsdalen, saman med ein annan mann i 20-åra han hadde kome i kontakt med dagen før.

– Eg hadde englevakt, seier 30-åringen. Skadane han pådrog seg i skuldra i fallet er berre ein bagatell i forhold til kva som kunne ha skjedd. Fredag fortalde han historia si i gruppa «Toppturar i Nordvest» på Facebook. Der forklarer han korleis han med om lag 100 toppturar på ski i året kunne utløyse eit skred.

Martin Andersen

Martin Andersen vart sendt til sjukehuset i Molde med skader i skuldra etter ulykka.

Foto: privat

Visste om skredfaren

Han visste jo allereie før han la ut på turen at det var stor skredfare. Farenivået låg på tre og turen er vanskeleg. Han gjorde nøye vurderingar på turen oppover og observerte snødekket. Nettopp på bakgrunn av observasjonane med store variasjonar i snødekket og store mengder snø som hadde kome med vinden, bestemte han seg for at det var tryggast å køyre ei annan rute ned att. Denne ruta er mykje brattare og vanskelegare.

– Då skredet vart utløyst, visste eg at dette var mogleg å komme frå, seier Andersen.

– Veldig bra at han deler

Ved snøskredvarslinga til NVE er dei klare på at det er ein viss fare for å løyse ut skred dersom du går brattare enn 30 grader når snøen er lagdelt som no.

Halvor Hagen

Halvor Hagen ved snøskredvarslinga synest det er bra at Andersen deler erfaringane sine med andre.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Dersom du blir tatt i eit skred, har du gjort ein feil. Dette er ingen eksakt vitskap, så det er alltid ein potensiell risiko når du går i bratte fjell som her. Når det er sagt er det kjempebra at han deler erfaringane sine, seier Halvor Hagen ved snøskredvarslinga.

Han slår fast at det alltid er lettare for andre å lære av konkrete hendingar, enn berre av rein teori.

– Det er eit eksempel andre bør følge. Dersom vi hadde vore like flinke til å dele erfaringar for 20 år sidan som dei er i dag, ville vi hatt mykje meir kunnskap, slår han fast. Han oppmodar alle om å sjekke snøskredfaren på varsom.no før dei går ut på tur. Det er også viktig at folk les heile teksten for det området dei skal ut i.

Skammar seg

Flakskredet var om lag på 700 meter. Då Andersen kom ned oppdaga han at nødpeilaren låg att i bilen. Det var heller ingen dekning på mobilen. Han og turkameraten valde difor å gå til eit hytteområde. Han gjekk i tre timar med store smerter før han fekk ringt etter hjelp.

– Eg både skammar meg og er flau over det som skjedde. Eg løyste ut eit skred på ein farleg stad, seier Andersen. Når han analyserer det som skjedde, meiner han likevel at mange av vurderingane var gode. Feilen var dei to skiløparane køyrde for tett og at lyset var så flatt at det var vanskeleg å vurdere snøen.

Han meiner at det skal gå an å gå på topptur, sjølv om det er skredfare.

– Når eg er på beina igjen skal eg ta med gode kompisar i fjellet for å kjenne på det å gjere vurderingar av snøskredfaren, seier Andersen.