Identifiserer straffedømt

Ein mann i 70-åra, som nyleg blei dømt for seksuelle overgrep mot asiatiske barn via Internett, blir namngitt i fleire innlegg på Facebook, skriv Vikebladet/Vestposten. Denne domen er anka. Ei kvinne som har lagt ut både bilde og namn av mannen reagerte på at han var på ein stad der det er mange barn. Til avisa seier ho at ho er førebudd på å bli straffa, men at det viktigaste er å verne barna.