Glad for utfallet
ICA kravde at dei to skulle trekkje seg frå samarbeidet dei har med Bunnspris-kjeda i Trondheim, og viste til ein kontrakt der dei ikkje kunne engasjere seg i verksemder som konkurrerer med ICA. Tingretten meiner kontrakten ikkje gir grunnlag for å hevde eit slikt krav.
Stig O. Jacobsen
ICA må betale vel 458.000 kroner i sakskostnader til Erik Berg og Stig O. Jacobsen. Jacobsen seier han er svært glad for utfallet.
Fjerna klausul
Det er ein beinhard kamp om makta innanfor daglegvaremarknaden Sunnmøre Tingrett har tatt stilling til i dag. Bakgrunnen for konflikten er ein avtale mellom ICA og Berg-Jacobsen Gruppen i 2001. Då denne avtalen skulle forhandlast på nytt, fekk Berg Jacobsen fjerna ein klausul om ikkje å engasjere seg i verksemder som var i konkurranse med ICA.
Grossiststrid
Men så skar det seg mellom ICA og dei to kjøpmennene frå Molde. ICA hadde omorganisert verksemda, noko som blant anna innebar at dei tok over grossistansvaret sjølv. Ein ny situasjon oppsto og misnøya med ICA vaks blant kjøpmenn her i fylket, kom det fram under rettsforhandlingane.
Frykta marknadstap
Berg-Jacobsen innleidde samtalar med Bunnpris som er ICA sin konkurrent, og resultatet blei Bunnpris Møre, der Berg Jacobsen og kjøpmann Trond Lykke frå Trondheim eig 50 prosent kvar. Målet var 40 bunnprisbutikkar i Møre og Romsdal. Dermed var krigen om kundane og dei lokale kjøpmennene i gang. ICA-kjeda frykta at Bunnpris ville trekke til seg mange av ICA-butikkane og dermed overta marknaden i Møre og Romsdal.
Mykje pengar
Det springande punktet har vore om avtalen som blei forhandla om i fjor haust betyr at berre ein liten del av Berg Jacobsen Gruppen kan konkurrere med ICA, slik ICA har hevda, eller om retten til ein slik konkurranse også omfattar den delen av verksemda som er engasjert i Bunnpris.
No har altså retten gitt Berg-Jacobsen medhald, og det er mykje pengar som har stått på spel, sier Stig O. Jacobsen.