NRK Meny
Normal

I verdstoppen under vatn

Ørsta-kvinna elskar livet i sjøen. Ho tok vinnarbildet i ein internasjonal fotokonkurranse.

Vinnarfoto

Med dette bildet gjekk Lill Haugen frå Ørsta til topps i ein stor internasjonal fotokonkurranse.

Foto: Lill Haugen

Lill Haugen frå Åmdalen i Ørsta tok førstepremien i den prestisjefylte Ocean Art Competition 2015.

Deltakarane var frå meir enn femti land. Kvaliteten på bilda var svært høg, og konkurransen er ein av dei største i verda.

Kaldtvassbilde

– Det er stor stas å vinne ein så stor konkurranse, seier Lill Haugen til NRK Møre og Romsdal. Frå før har ho tre NM-gull i undervassfoto.

Lill Haugen

Lill Haugen har dykking og undervassfoto som sine store interesser.

Foto: Privat

Haugen bur til vanleg i Oslo, men ofte drar ho heim til Møre og Romsdal for å oppsøke dei gode dykkarstadene. Vinnarbildet i kategorien kaldtvatn tok 40-åringen i Oslofjorden i oktober.

Elskar å dykke i Møre og Romsdal

– Vinnarbildet er av ein anemone, ei muddersjørose. Det er tatt på om lag 25 meters djup, seier prisvinnaren.

– Eg lyste opp med ein blitz bakfrå. Det gjorde susen, seier ho.

– Kor ofte er du under vatn?

– Eg er ute og dykkar stort sett kvar helg. Eg elskar å dra heim til Møre og Romsdal, for der finn vi dei finaste dykkarområda i landet.

Runde er favorittstaden, men prisvinnar Lill Haugen nemner også Skodjestraumen, Ørstafjorden og Strømsholmen ved Atlanterhavsvegen som gode stader til dykking og fotografering.

Lill Haugen vart interessert i dykking då ho studerte i Australia i 2001. Etter det har det blitt meir og meir fotografering.

Premien til førsteprisvinnaren er ein dykkarferie til Fijiøyane – midt i blinken for ei sunnmørskvinne som elskar dykking og fotografering.