Hopp til innhold

Tidenes første gatefestival i Ålesund: – Det handlar litt om å heie på sin eigen by

Turistane har dominert bybildet i Ålesund denne sommaren. Med tidenes første gatefestival vil ålesundarane ta tilbake byen.

Barna leker under gatefestivalen i Ålesund i august 2024.

Gatefestivalen i Ålesund har 94 arrangement i løpet av tre dagar. For barna er det mykje å vere med på.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

– Dette er kjempegøy å vere med på. Det er mykje som skjer, og eg har lært masse.

Oliver Blindheim koser seg i Ålesund sentrum. Guten frå Valderøya rett utanfor byen er med på tidenes første gatefestival i Ålesund. Og han er ikkje åleine. Det er fullt med folk. Både vaksne og barn.

Ikkje minst er det viktig at barn og unge får lære byen å kjenne.

– Vi går litt rundt og sånn og så lærer vi ein del om historie. Mellom anna at vi er verdskjende på grunn av bygningane. Og så er det sirkus her.

Barna leker under gatefestivalen i Ålesund i august 2024.

Mange barn fekk oppleve kva Ålesund kan by på under gatefestivalen.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Les også: Landets største cruiseby skal finne ut kor mange turistar dei toler.

– Vi har mykje å vise fram

I sommar har turistar frå alle kantar av verda erobra Ålesund. Turistane som kjem, betyr mykje for byen. Ikkje minst er det viktig økonomisk.

Men kanskje blir Ålesund litt borte i vrimmelen av turistar. Trine Klemetsen i Bypatrioten brenn for byen sin. No vil ho vise fram alt som Ålesund har å by på. Det er på tide å ta byen tilbake.

Svaret er tidenes første gatefestival i Ålesund. Den starta torsdag og går over tre dagar med ikkje mindre enn 94 arrangement. Og festivalsjefen sjølv er yr av begeistring.

– Det handlar litt om å heie på eigen by og kreftene i eigen by. Vi har mykje å vise fram. Og eg får nesten tårer i auga når eg høyrer pludringa til barna bak oss. Vi treng å kunne møtast meir.

Barna leker under gatefestivalen i Ålesund i august 2024.

Å blåse såpebobler var populært blant barna som var samla i Ålesund sentrum.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Utradisjonelt

Sindre Nakken har i mange år vore primus motor for byvandringa i Ålesund. Torsdag fekk han med seg barna på ein historisk tur gjennom byen. Han meiner folk i Ålesund har får lite kunnskapar om byen sin.

– Det er mange av oss vaksne som trur vi veit mykje, og så veit vi eigentleg ganske lite. Eg trur barna kanskje veit meir fordi dei lærer på skulen.

Det er mykje spanande å fortelje på ein slik tur. Korleis byen Ålesund blei til, den dramatiske bybrannen i 1904 og gjenoppbygginga etterpå.

Og Sindre Nakken synest det er flott at Ålesund har fått ein gatefestival.

– Det er kjempegøy. Og utradisjonelt. Ting som ein kanskje ikkje forventar på ein festival. Det berre poppar opp, det skjer ting her, det skjer ting der. Det skaper masse aktivitet.

Sindre Nakken snakker med folk under gatefestivalen i Ålesund i august 2024.

Sindre Nakken fortel om byen si historie under gatefestivalen i Ålesund.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Gode opplevingar

Torsdag var det ingen cruisebåtar som låg til kai i Ålesund. Det var eit sentrum utan turistar. Fredag og laurdag kjem turistane, og dei er hjarteleg velkommen til gatefestival, seier Trine Klemetsen.

Ho meiner det er viktig å ta debatten om kor mykje turistar Ålesund toler. Det er ein sunn debatt som kan bidra til at turistane får gode opplevingar, seier Trine Klemetsen.

Kanskje kan gatefestivalen og bidra til det. Den er for alle, seier festivalsjefen. Den viser fram det som er litt annleis. Det kan og vere positivt for dei som bur i Ålesund.

– Vi har godt av å bli litt rausare, vere litt opnare for nye forslag og løysingar. Og kanskje tenkje at det ikkje berre er vår by lenger. Her kjem masse nye folk. Byen skal bli noko anna i framtida. I det rommet er det vi skal leike oss litt og utfordre.

Trine Klemetsen under gatefestivalen Ålesund i august 2024.

Trine Klemetsen håpar at gatefestivalen blir eit årleg arrangement.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK