Hopp til innhold

I Todalen for å skape neste hit

Flott natur og god stemning skal gi inspirasjon til det som kan bli den nesten hitten når låtskrivarar frå heile landet møtest på ei hytte i Todalen.

Artister står samlet og oppstilt, går forbi kamera med todalshytta i bakgrunnen, claudia scott og Amund maarud sitter og jammer, bikkje i front mens musikere spiller, vert tar oppvasken, pan på todalshytta

Vanlegvis er det å vere låtskrivar ein einsam affære, men denne veka har ni låtskrivarar samla seg i naturskjønne Todalen i Surnadal. Der blir de tatt godt vare på av verten på turistforeningshytta.

Inspirasjon

Dei fantastiske omgjevnadane i Todalen skal gi kreativiteten fritt utløp. Eric Malling driv Todalshytta i sommar, men til vanleg er han bluesentusiast og eldsjel heime i Kongsvinger. Difor er det ikkje heilt tilfeldig at det var Todalen som blei åstaden for låtskrivarane.

Eric Malling

Eric Malling skal vere vert på Todalshytta i sommar.

Foto: Roar Halten

– Då eg kom opp hit første gong tenkte eg at dersom eg får sjansen til å vere her, så må eg det. Eg er no berre her og prøver å drive hytte slik at dei blir inspirerte, eg, seier Malling.

Og inspirasjon kan i alle fall den kjende låtskrivaren Claudia Scott skrive under på at ho får.

– Det er utruleg morsomt å skrive låtar saman, det er som å legge eit puslespel.

– Ingenting er for dumt

Nokre reglar må dei ha når dei skal spele og skrive låtar saman, og det er at dei skal legge alle hemningar til side.

– Ingenting er for dumt. Om ein skal sensurere ting tidleg, så kjem ein ikkje i gang, ler Claudia Scott.

– Det som er mest spanande med å skrive saman med andre er at ein må sleppe kontrollen og sjå kvar det tek oss.

Låtskrivarsamling i Todalen

Låtskrivarane finn musikalsk inspirasjon i Todalen.

Foto: Roar Halten

Kreativ prosess

Det er juni, men det knitrar godt i peisen på Todalshytta som husar dei ni låtskrivarane. Rundt om i hytta sit dei og jobbar med det som kan bli neste hit.

– Det er spanande å dele ein slik kreativ prosess, der ein prøver å løfte sine eigne idear ut på bordet og er opne for andre idear, seier ein annan av låtskrivarane, Amund Maarud.

Vert Eric Malling trur livet som omreisande musikarar handlar mykje om å helse på folk på flyplassar og backstage på festivalar, slik at lslike låtskrivarsamlingar er midt i blinken.

– Vi set veldig pris på å samlast med dei som vi har høyrt mykje om, men som vi eigentleg ikkje kjenner.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL