NRK Meny
Normal

I rute for å bli Nordens største

Denne helga var det klart for offisiell opning av fylkets største modelljernbanen i Devoldfabrikken i Langevåg. Men gjengen bak jernbana har ikkje tenkt å gi seg med det.

– Og endå større skal det bli, seier ein lattermild Helge Havnes

Med ein boltreplass på 1.000 kvadratmeter tek Havnes og resten av «Pensens venner» sikte på å lage Nordens største modelljernbane-anlegg.

– Så langt har vi laga fyrste byggetrinn. Akkurat no dekker anlegget 150–200 kvadratmeter, men vi har 800 kvadratmeter til disposisjon og utbyggingsplanane klare, seier Havnes.

I Langevågen nær Ålesund har 20 eldsjeler lagt ned over 10.000 timer og hundretusenvis av kroner for å snikre saman eit enormt modelljernbane-anlegg som har fått namnet Devoldbanen. I helga opna dei dørene for publikum, og det vil bli mogleg å sjå jernbana laurdag og søndag dei neste tre helgene.

Detaljert arbeid

Sidan oppstarten i 1989 har klubben heldt til i ymse lokale i Ålesund og omland, men det var fyrst då dei flytta inn i lokala til den gamle Devold-fabrikken i 2001 at dei verkeleg fekk boltreplass.

I fjor fekk dei betydeleg meir plass då dei flytta inn i endå større lokale på Devold-fabrikken. «Pensens venner» har difor valt å heidre sponsor Egil Flakk i det fyrste byggetrinnet. Ein kan difor sjå delar av området der Flakk vaks opp i Birkenes kommune på Sørlandet på modelljernbana.

Helge Havnes

Helge Havnes seier dei ynskjer å bygge Nordens største modelljernbane.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Alt av «landskap» er handlaga gjennom årevis med nøyaktig handverksarbeid.

– I motsetning til NSB som må bygge jernbane i landskapet, kan vi nemleg bygge landskap rundt jernbanen, fortel togentusiasten.

I det andre byggetrinnet vil dei prøve å kopiere noko av det spektakulære toglandskap i Romsdalen, med blant anna Kylling bru og Verma. I byggetrinn tre er planane å bygge ein kopi av Ålesund.

– Då kjem jernbana for alvor til Ålesund. Vi har brukt litt fri fantasi når vi setter alt saman. Det er naturleg at alt ikkje blir heilt geografisk korrekt når ein bygger jernbane, seier Havnes.

– Ein må tilpasse forholda, men du vil sjå at detaljane stemmer, held han fram.

Modelljernbana blir i dag styrt av datamaskiner, og Havnes fortel at bana vil bli enno meir avansert etter kvart.

– Vi har planar om å få eigne lyssystem slik at vi kan ha både dag og natt, fortel han.

Saka held fram etter videoen.

Attraksjon

Om det blir Norges, Norden eller Nord-Europas største modelljernbane vil tida vise. Målet er å skape ein attraksjon som folk vil reise land og strand for å besøke. Så langt lovar det godt.

– Det var ganske mange innom her i går, og vi håpar det blir endå fleire i dag, seier ein nøgd Havnes.

Tilbakemeldingane frå publikum har i stor grad vore positive.

– Modelljernbanane handlar om å skape magi, ein illusjon. Folk syns det er veldig kjekt og imponerande, og det er akkurat slik vi ynskjer det skal vere, fortel Havnes entusiastisk.

Sosialt samlingspunkt

For gjengen i «Pensens venner» har modelljernbane-klubben vore eit viktig samlingspunkt for personar med ei glødande interesse for tog og jernbane.

– For det fyrste er det sosialt, vi møtes minst ein gong i veka og har det utruleg hyggeleg i lag. I tillegg deler vi dei same interessene, seier Havnes.

Ifølgje Havnes er det å bygge modelljernbaner ein allsidig hobby.

– Det omfattar alle fagområde ein kan tenke seg. Alt frå datakunnskap og elektronikk til modellering, bygging og detaljert arbeid, seier han.

  • Sjå tv-saka frå då «Pensens venner» flytta inn i nye lokale i 2013.
"Pensens venner" i full aksjon

Sjå tv-saka frå då «Pensens venner» flytta inn i nye lokale i 2013.