Hopp til innhold

I retten for kjøp av kosttilskot

Kristin Marie Ose frå Ørsta er fortvila fordi ho må i retten etter at ho kjøpte to esker med kosttilskot på Internett.

Kristin Marie Ose
Foto: Tor Sivertstøl / NRK

Statsadvokaten har tatt ut tiltale mot Ose fordi dei 200 tablettane ho kjøpte i juli i fjor, viste seg å innehalde små mengder av stoffet efedrin. Dette er eit stoff som i dag står på lista over forbodne dopingmiddel i Norge.

Kristin Marie Ose blir derfor tiltalt for innførsel av dopingmiddel, og må møte i retten 25.april.

Oppdatert: NRK gjer merksam på at denne saka seinare blei lagt vekk. Den kom difor ikkje opp for retten.

Kosttilskudd (illustrasjonsfoto)
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Adopsjon

- Eg fryktar mest av alt at dette til dømes kan øydeleggje planane mine om å adoptere eit barn. Dette ser heller ikkje pent ut på rullebladet mitt sidan jobben min mellom anna er rusproblematikk i kriminalomsorga, seier Kristin Marie Ose (34) til NRK Møre og Romsdal

Ho hevdar vidare at lovverket er forelda og at det ikkje tar høgde for bestilling av varer på internett.

Eige ansvar

Statens legemiddelverk opplyser på si nettside at alle som handlar slike varer på eigen hand, må sjekke kva kosttilskotet inneheld. Videre blir det opplyst at lista over forbodne stoff blir oppdatert kontinuerlig. Seinast i går gjekk Statens legemiddelverk ut med åtvaringar på si nettside mot slankemiddel som er til sals på Internett.

Kosttilskotet Ose kjøpte heiter "Proline super efedra" og vart stansa i tollen i august i fjor. 2 månader etter at Kristin Marie Ose bestilte tilskotet banka altså lensmannen på døra hennar i Ørsta i staden for postmannen.

Advokaten til kvinna, Jørund Knardal, er overraska over at statsadvokaten har tatt ut tiltale i det han kallar ei bagatellmessig sak. Knardal hevdar at ein eventuell dom i denne saka i verste fall kan få konsekvensar for kvinna sine adopsjonsplanar.

-Eg følte meg slapp og trong vitamin, sier Kristin Marie Ose. - Eg ville ikkje smugle inn noko eg sjølv tar sterk avstand frå.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL