Hopp til innhold

I natt startar årets laksefiske

Ved midnatt 1. juni går startskotet for årets laksesesong i dei fleste av dei 450 lakseelvane i landet. Men mange må nok vente enno eit par veker før dei kan fiske i si favorittelv.

Laksefiske i Eira

Arkivfoto: Natt til onsdag startar laksefisket for fullt i fleire elver i Møre og Romsdal. Men mange elver opnar ikkje før om minst to veker.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Eg kjenner at det kriblar litt i magen. Starten på laksefiske er ganske spesielt for alle som er glad i å fiske. Det er gode forhold i elvene no, så det er nok mange som gler seg, seier Håvard Wiggen, friluftsrettleiar i Norges jeger og fiskarforbund i Møre og Romsdal.

Medan nokre er heldige og kan ta turen ut med stonga i natt, opnar mange av elvane i Møre og Romsdal nemleg ikkje før om to veker.

– Dei fleste elvane opnar rundt 15. juni, nokre opnar 1. juli. Det er 7–8 elver som opnar ved midnatt i natt. I tillegg er det restriksjonar i forhold til sjørett i nokre av desse elvane, seier Åsa Fredly, fylkessekretær i Norges jeger og fiskarforbund i Møre og Romsdal.

For ei full oversikt over kva elver som opnar og når, kan du sjå her.

Restriksjonar i fleire elver

Det er fleire grunnar til at ikkje alle elvane i Møre og Romsdal opnar ved midnatt i natt.

– I vårt fylke er det veldig mange elver som er såkalla flaumelvar. Desse er avhengige av nedbør for at fisken skal gå oppover elver, seier Fredly.

Åsa Fredly og Håvard Wiggen i NJFF

Åsa Fredly og Håvard Wiggen i NJFF.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I tillegg er det knytt ulike restriksjonar til dei forskjellige elvane. Men nokre restriksjonar kan også vere med på hindringar for årets laksefiske, meiner ho.

– Når det er så store restriksjonar som det er no, så er det mange elver som nesten går glipp av laksefiske på grunn av forholda, seier Fredly.

Ho skulle ønskjer at reglane knytt til laksefiske kunne vere betre tilpassa forholda i kvart enkelt fylke.

– Vi er einige i at det må vere reglar for å kunne sikre at det blir fiske også i åra framover. Men vi kunne godt ha tenkt oss at det var rom for å flytte litt på tidspunktet slik at det passa betre til klimaet og nedbøren, seier Fredly.

Optimistiske før sesongen

Ho fortel vidare at laksefiskarane sjølv er flinke til å jobbe for å bevare eit rikt og godt laksefiske i elvane.

– Alle vore medlem og lokallag er svært opptatt av å ta vare på laksen. Dei jobbar nesten gjennom heile året for å legge til rette for elvane sine, mellom anna med kultivering og rydding langs elvebreddene. Så dei er veldig engasjerte, seier Fredly.

Etter nokre litt varierande laksesesongar håpar ho no på eit godt laksefiske.

– Vi har fått meldingar om mykje stor fisk i sjøen og ved elvemunningane. Desse skal vere større enn tidlegare år, så det lovar godt. I tillegg har høge temperaturar ført til ein del snøsmelting den siste tida, noko som betyr meir vatn i elvane, og det er også positivt, seier Fredly.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL