Hopp til innhold

Jon Aasen held fram som fylkesordførar

Jon Aasen frå Arbeidarpartiet held fram som fylkesordførar. Tysdag morgon kallar han inn til pressekonferanse saman med tre heilt nye samarbeidspartnarar.

Jon Aasen

FYLKESORDFØRAR: Arbeidarpartiet får halde på fylkesordføraren.

Foto: Hallstein Vemøy / NRK

Vallogo

Fylkesordførar Jon Aasen nekta å sleppe NRK Møre og Romsdal inn på rommet like før klokka 01.00 natt til tysdag. Og noko foto av den gjengen som sat bak låste dører, ville han heller ikkje tillate.

– Kan vi kome tilbake litt seinare?

– Nei, seier han blidt.

– Men kan vi ta eit bilde av deg?

– Nei, ikkje det heller. Det er ikkje meininga å smekke døra i ansiktet ditt, men slik er valdynamikken, var det siste Aasen sa før han resolutt lukka døra.

John John Bruseth på veg inn i møte

MDG-representant John John Bruseth på veg inn i møtet der det i natt kan bli avgjort kven som skal styre fylkespolitikken dei neste fire åra.

Foto: Synnøve Hole

Eitt av partia som gjorde entre i 01-tida var Miljøpartiet De Grønne sine representantar, og John John Bruseth smilte breidt.

– No blir det bålsang og peis. Vi kjem aldri ut igjen, ler han, før han forsvinn inn på rommet med gitaren på ryggen.

Lang natt med forhandlingar

Det har vore ei lang natt for Jon Aasen og dei andre forhandlarane, men på morgonkvisten klarte dei å bli einige.

Arbeidarpartiet var den klare vinnaren i fylkesvalet, men det var ikkje sjølvsagt at dei fekk halde fram å ha fylkesordføraren.

Jon Aasen

Aasen fortel at dei måtte gjennom harde forhandlingar.

Foto: Hallstein Vemøy / NRK

– Det var ikkje enkelt, og det tok lang tid før vi var i mål, seier Jon Aasen tidleg tysdag morgon.

Han fortel at det var vanskeleg å fordele verv og posisjonar med dei andre partia. Han meiner at nokre av dei krevde meir enn dei kunne gi.

– Arbeidarpartiet kan ikkje betale ut det veljarane ikkje vil gi. Men vi kom likevel i mål med forhandlingane, seier han.

– Og kven fekk fylkesordføraren?

– Den blei igjen i Ap, fortel han, fylkesordføraren.

Tysdag klokka 10 kallar dei inn til pressekonferanse i Ålesund om konstitueringa, men då saman med Nordmørslista, Miljøpartiet De Grønne og Tverrpolitisk liste for Sunnmøre.​

Det har til dels vore vanskelege forhandlingar, men vi har fått gjennomslag for ein del krav, seier førstekandidat Mette Belden frå Nordmørslista til NRK Møre og Romsdal like før klokka seks tysdag morgon.

Les også:

Mangla to mandat for fleirtal

Arbeidarpartiet har gjort eit svært godt val i Møre og Romsdal. Klokka 01.30 hadde Arbeidarpartiet og samarbeidspartia 22 mandat i fylkestinget, og manglar dermed to for å få fleirtal. Dermed måtte dei søkje støtte hos eit av dei mindre partia.

– Det er ikkje enkelt, for kvart mandat du skal vinne for å få fleirtal, må du betale ein pris, dei skal ha betalt, seier NRK Møre og Romsdal sin valkommentator, Trond Vestre.