I Molde var det frisk vind og vaiande flagg til ære for Ragnhild Mowinckel i dag. Både i sentrum og heime hos foreldra var flagga heisa til topps.
Natt til torsdag følgde dei spent med då dottera blei historisk. Ragnhild Mowinckel køyrde inn til sølv i storslalåm, og fekk dermed Noregs første kvinnelege alpinmedalje i OL sidan 1936. Heime i Molde sat to foreldre i lykkerus.
– Eg byrja å håpe på medalje då ho låg på fjerdeplass etter første omgang. Nervane var ganske frynsete. Eg hadde relativt høgt blodtrykk, seier far Harald Mowinckel.
– At vår Ragnhild greidde dette. Eg kan nesten ikkje forklare det, det er veldig stort, seier mor Sissel Mowinckel og er tydeleg rørt.
Endeleg gjekk det vegen
Vegen til sølvmedalje i OL har vore lang. Mowinckel debuterte i verdscupen i januar 2012 og har hatt fleire oppturar og nedturar sidan då. Ho har prestert bra på trening, men det har vore lenge mellom topplasseringane. 25-åringen har tidlegare vore open om kjensla av å føle seg mislykka.
I desember kom ho for første gong på pallen i eit verdscuprenn. I januar presterte ho karrierebeste under storslalåmrennet i Kronplatz. Og i morgontimane torsdag skjedde det ho har jobba mot så lenge.
– Det er ein ting eg har drøymt om og håpa på i så mange år. Eg greier ikkje å beskrive alt som skjer. Det er kaos no, men det bra kaos, sa ei overlykkeleg Mowinckel då sølvmedaljen var i boks.
Foreldra har støtta og følgt Ragnhild i tusenvis av timar frå ho starta med alpint. Far Harald var trenar for Ragnhild dei første åra, og såg tidleg at ho hadde talent.
– Ragnhild var åtte år og vi måtte køyre ei humpete løype for å kome oss ned skibakken. Eg blei verkeleg forbikøyrd og huska eg tenkte, dette må vi satse på.
Trur på fleire medaljar
For foreldra har det vore tøft å sjå dottera oppleve motstand og nedturar. Men tolmod og humør har vore Ragnhild sitt varemerke. Det har ho fått utteljing for no.
– Ho har visst at ho har vore god nok på alle plan, men problemet har vore å få det ut. Eg er så glad for at ho endeleg får det til, det er det største for meg. Det er klart ei OL-medalje er stort, men eg er mest rørt av at det endeleg losna, seier Sissel med tårer i auga.
I kveld blir det full fest i Molde.
– Vi synest det blei lit tidleg med champagne i dagtidleg, men i kveld skal vi feire, seier foreldra med eit smil.
Familien håper dei vil få meir å feire i dei komande dagane.
– Eg trur at utfortraseen i Super-G vil passe ho vore bra. Ho har tidlegare gjort det bra i denne øvinga og no begynner ho å finne forma si, seier far Harald.