Hopp til innhold

Her brukar russen ein hundrelapp på bil

To millionar kroner brukar gjengen til Milan Aran på russebuss og fest i Stavanger. I Kristiansund har Solveig Pape Meringen brukt berre 100 kroner på bil.

Kristiansunds einaste russebil

I Kristiansund er det ikkje tradisjon blant russen å kjøpe russebil. Denne gjengen fekk bil gratis, som dei har spandert 100 kroner kvar på å pimpe opp.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det er eit sikkert vårteikn når raudmåla bilar eller store russebussar kjem på vegane i mai. I Stavanger høyrest lyden av bussen «Villmark» lenge før du ser den, med alt sitt påkosta lydutstyr.

Dei 28 russane som har spleisa på bussen, har så langt brukt to millionar kroner på russetida. PR-sjef på bussen, Milan Aran, hevdar at dei fleste i Stavanger brukar mellom 30.000 og 50.000 kroner på russebussane sine.

Russenbussen Villmark frå Stavanger

Russebussen «Villmark» har lydanlegg som kostar 1,2 millionar kroner. Dei 28 som er med på bussen har betalt to millionar kroner for russetida.

Foto: privat

Skape gode minner

– Det kjekkaste med heile bussen er jo å ha eit prosjekt med vennegjengen og skape gode minner, seier Aran. Det har vore tidkrevjande, for gjengen starta arbeidet allereie i 2. klasse. Tanken var først å finansiere bussen med dugnad, men dopapirsalet gjekk trått, og dermed skaffa dei fleste seg ein ekstrajobb.

Vegdirektoratet anslår at det køyrer mellom 1700 og 1800 russebilar og bussar på vegen desse dagane. Det er store forskjellar på kor dyre desse bilane er. I 2015 var ein tredjedel av russane medeigar i ein russebuss og betalte i snitt 30.000 kroner kvar til bussen, ifølgje Finans Norge.

Fekk gratis bil

I Kristiansund har det aldri vore tradisjon for å bruke pengar på russebil eller buss. Dei om lag 300 russane tar beina fatt når dei festar i byen og skal dei på russetreff leiger dei turbuss. Den eine russebilen som finst i byen, er ein eldre Saab 9.3 som 16 jenter deler på. Det er berre plass til fem av dei i gongen.

– Vi fekk bilen gratis, så vi bestemte oss for å pimpe den opp, seier Solveig Pape Meringen. Jentene har brukt 100 kroner kvar på måling og drivstoff. Lydanlegg har ikkje dei i bilen, så her får mobilen gjere nytta. Meringen reknar med at ho kjem til å bruke ca 16.000 kroner på heile russefeiringa.

Solveig Pape Meringen

Solveig Pape Meringen har berre brukt 100 kroner på bil. For heile russefeiringa reknar ho med å bruke ca 16.000 kroner.

Foto: privat

Færre bussar enn før

I Asker og Bærum har det vore tradisjon for påkosta russebussar, men trenden er at dei vert stadig færre. Ifylgje Budstikka (krev innlogging) er det berre 25 russebussar i år. I 2009 var talet 51 bussar.

– Eg trur russen prioriterer annleis, både fordi dei vil ha gode resultat på skulen og fordi det kostar mykje pengar å vere med på buss, seier avsnittsleiar Ole Magnus Jensen i Ungdomspatruljen i Asker og Bærum. Han trur den økonomiske risikoen er høgare enn før. Grunnen er at bussane har blitt eldre og dermed kan russen slite med å selje vidare til neste kull.

Politibetjent Ole Magnus Jensen

Avsnittsleiar Ole Magnus Jensen ved Ungdomspatruljen i Asker og Bærum trur færre har russebussar fordi dei ikkje vil bruke så mykje tid og pengar.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Verdt pengane

Bussen «Villmark» i Stavanger er dekt av mose frå Island innvendig og dei har monter med jaktutstyr på veggane. Milan Aran synest det er verdt å bruke så mykje pengar på russetida, men forstår russen i Kristiansund.

– Det er ulike tradisjonar for korleis russetida er rundt om i Noreg. Så lenge dei har det gøy og føler dei kan oppnå ei kjekk russetid, må det vere opp til dei, seier Aaran.