Eitt tusen tiandeklassingar frå Møre og Romsdal kom til Parken kulturhus i Ålesund fredag for å lære om fiskeri og sjømat. Her var det informasjon, konkurransar og underhaldning.
Ungdommen skulle overbevisast om at fiskeri er noko å satse på.
Vil inspirere endå fleire
– Vi bur i ein liten nasjon, men vi har eit kjempestort hav som gir store moglegheiter, seier lærar Arne Tunheim.
Han vil at endå fleire skal bli inspirerte til å satse på fisk:
– Praktikarane blir undervurderte i norsk skule i dag, seier han.
– Nokon må skaffe oss maten
Tiandeklassingen Kristoffer Fjelltun frå Godøya i Giske er blant dei som trur han vil hamne på sjøen:
– Vi treng folk til å skaffe oss maten som skal på bordet, seier han.
Heilt sidan åttande klasse har han vore fast bestemt på å bli maskinist på ein fiskebåt.
Klassevenninna Malene Furnes seier at det også er mange jenter som vil bli fiskarar. Ho ser for seg ei framtid med musikk eller helse, men uansett er det fint å lære litt om ei så viktig næring.
- Les også: Ungdom et for lite fisk og grønsaker
Kristoffer Fjelltun har planane klare. Han vil bli lærling og gå på fagskule.
– Er det utsiktene til millioninntekt og fri halve året som lokkar?
– Det er berre ein av faktorane. Først og fremst er eg interessert i fiskeri. Eg har fiska så lenge eg har levd. Eg kjenner meg ganske sikker på at eg hamnar på ein fiskebåt.