Hopp til innhold

I kø for å gå på norsk juletrefest

Nesten 200 barn og vaksne flyktningar deltok søndag ettermiddag på juletrefest i Molde. For dei minste var julegåvene det store høgdepunktet.

Maryan Mohammadi, Zatar Khan og Masoumeh Mohammadi på juletrefest i Molde
Foto: Roar Strøm

Ni år gamle Junior Oluwashegun frå Nigeria er på juletrefest saman med familien sin søndag ettermiddag, og han kosar seg.

Peace og Junior Oluwashegun

Peace og Junior Oluwashegun på juletrefest i Molde søndag ettermiddag. Begge to fekk pakkar av nissen.

Foto: Roar Strøm

Det er gøy, bra, eg er her med familien min, det er bra, seier han og legg til at musikken og songane var flotte.

Gler du deg til å få pakke?

Ja, skikkeleg, eg likar presangar. Eg vil gjerne ha eit snowboard. Eg har prøvd det i barnehagen, og då gjorde vi det i ein nedoverbakke, og eg krasja ikkje, så eg er litt god, ler han.

Juletrefest for sjette år på rad

Det er Molde Røde Kors som arrangerer juletrefest for asylsøkjarar og andre vanskelegstilte for sjette året på rad. Pengane kjem frå Gjensidigestiftinga og Quality Hotell Alexandra stiller med lokale.

Faren til Junior, Sunday Oluwashegun, seier han er på juletrefesten for kanskje fjerde gongen, og at det er ei flott oppleving for familien.

Det er veldig kjekt å bli invitert av Røde Kors. Vi hadde det veldig kjekt sist, og det trur eg det blir no også, seier han.

Glede og takksemd

Anna K. Gruner

Anna K. Gruner i Molde Røde Kors seier dei kvart år får julegåver frå Hotell Alexandra, der festen også brukar å vere.

Foto: Roar Strøm

Koordinator i Molde Røde Kors, Anna K. Gruner, seier dei ønskjer å ta imot flyktningane og asylsøkjarane på ein god måte. Ho trur også juletrefesten er viktig for dei norske frivillige som er med.

– Her er mange frivillige som kanskje har sitt første møte med flyktningar og får ei positiv oppleving, då blir det ikkje så farleg, seier Gruner.

Men det er kanskje dei som blir invitert, som er mest takksame, når festen er over. Då skjer det same kvart år, seier Gruner.

– Dei er svært takksame. Dei takkar oss opp i handa, bortimot kvar og ein, når festen er slutt, seier ho.

Søndag var det juletrefest i Molde

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL