Hopp til innhold

Her er arbeidstøy så populært at fabrikken måtte spesialsy storleikar

I Herøy går «alle» ungdomar i kjeledress på fritida. Fleire stader i landet har arbeidstøy blitt mote.

Ungdommar i Herøy brukar termodress

Det var dei som køyrer moped som starta trenden med termodress i Fosnavåg på Sunnmøre. No brukar også elevar i barne- og ungdomsskule plagget.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ungdomsgjengen som er samla i Fosnavåg sentrum i Herøy kommune er likt kledde. «Herøybunaden» kallar dei termodressen. Den er svart i botn med farga detaljar og har ein prislapp frå 1500 til 3000 kroner.

– Eg brukar den fordi eg køyrer skuter, men også fordi den er populær. Det er liksom det alle har og då er det litt sjølvsagt at eg også skal ha det, seier Alva Bøe (16).

Også venninna Emma Helen Aurvoll Berge (16) har «Herøybunad»

– Det er veldig kaldt i Herøy og sterk vind. No frys vi aldri. Eg synest den ser ganske kul ut, seier Emma. Under dressen kan ho vere så tynnkledd ho vil.

Ungdommar i Fosnavåg i Herøy går i termodress, som dei kallar Herøybunad

I Fosnavåg blir ungdommane sett i mørket fordi termodressane har så mykje refleks.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Måtte spesialbestille dressar

Lena Kjelsli ved butikken Fosnot. Ho viser fram termodressen frå Univern

Lena Kjelsli er butikkansvarleg ved Fosnot.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Eg flirer litt, for det er jo ikkje vanleg i Noreg at folk skal gå rundt i termodress, som eit moteplagg, seier Lena Kjelsli. Ho er butikkansvarleg ved Fosnot som sel arbeidstøy for fiskarar og handverkarar. No har butikken plutseleg fått ei ny kundegruppe. Termodressen frå Univern har blitt populær heilt ned i barneskulealder.

Utfordringa er å skaffe små nok storleikar, og butikken har dermed spesialbestilt 50 dressar i liten storleik.

– Eg synest det er bra at dei brukar termodress. Dei held seg tørre og varme og går ikkje halvnakne slik vi gjorde ein gong i tida, seier Kjelsli.

Univern, som produserer desse arbeidskleda, sel normalt produkta sine til fagfolk. At det no har blitt mote hos unge på bygda er overraskande.

– Det er kjempegøy å høyre. Det er jo heilt fantastisk, seier Eva Krey.

Mote spreier seg

Trendforsker Gunn-Helen Øye

Trendforskar Gunn-Helen Øye meiner at mote gjerne startar med at nokre få tar i bruk eit plagg og så spreier det seg.

Foto: Werner Anderson

Det er ikkje berre i Fosnavåg at ungdommar går i termodressar. I vinter var gule arbeidsdressar det hottaste plagget blant barn og ungdom på Jæren i Rogaland.

Sosialantropolog og trendforskar Gunn-Helen Øye trur forklaringa på at ungdomar brukar arbeidstøy ikkje har noko med sjølve plagget å gjere.

– Mote startar med at ein eller to eller nokon få byrjar å bruke eit plagg. Vi ser på all mote korleis dette veks og minskar igjen, seier Øye.

Ho ser ikkje bort ifrå at NRK-serien Rådebank og andre seriar frå bilmiljøet har ei betydning. Ved å bruke arbeidsklede viser ein kva verdiar ein har og kva gjeng ein ynskjer å tilhøyre. Ho meiner det ikkje er utenkeleg at moten kan spreie seg frå bygd til by.

Alva Bøe og Emma Helen Aurvoll Berge

Alva Bøe og Emma Helen Aurvoll Berge (16) køyrer skuter og det var difor dei investerte i «Herøybunad»

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Brukar andre klede i byen

I Fosnavåg slepp Emma og Alva maset frå foreldre om å bruke refleks. Så lenge termodressen er på, lyser jentene opp i mørket.

Men dei har heilt klare meiningar om kor tid det passar å bruke termodress og ikkje. Sommarstid blir det sjølvsagt altfor varmt. Heller ikkje på skulen brukar dei dressen og grensa går definitivt når dei drar til Ålesund på shopping.

– Eg hadde sikkert turt det, men det er noko eige med å gå med det her, seier Emma.

Ungdommar i Fosnavåg i Hreøy går i termodress, som dei kallar Herøybunad

Uansett kor kaldt det er i Fosnavåg frys ikkje ungdommane.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

LES OGSÅ: