Hopp til innhold

Heimbyen heiar på Sigrid i kveld

Sigrid Raabe er nominert i alle P3 Gull-kategoriane og i kveld vert det avgjort. Folk på gata i heimbyen Ålesund gir tommelen opp og trur det vil klinge i gull i kveld.

Sigrid Raabe

Mange i heimbyen trur Sigrid Raabe har store sjansar til å vinne prisar i kveld. Dette bildet her er frå ein konsert på sommarfesten på Giske i sommar.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Det bles ein kald novembervind i gatene i Ålesund. Ein sånn vind som bit og ikkje gjer det naturleg å stoppe opp for å ta ein prat. Men når vi nemner Sigrid Raabe så kjem smilet raskt hos Charlotte Giskeødegård Dyrøy.

Charlotte Giskeødegård Dyrøy

Charlotte Giskeødegård Dyrøy gir Sigrid Raabe tommelen opp i kveld.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Eg synest ho er heilt rå eg. Ho har noko heilt unikt ved seg, skil seg ut frå andre artistar. Ho er berre så ekte, og eg diggar musikken, seier Dyrøy.

Trur gullet går til Sigrid i kveld

Sigrid er for første gong nominert til P3 Gull.

Dyrøy er heilt sikker på at Sigrid vil ta med seg P3 gull heim i kveld.

– Eg heiar på Sigrid, og er sikker på ho vil få P3 gull for årets låt, seier ho.

Tidlegare denne veka blei Sigrid Raabe tildelt den internasjonale EBBA-prisen, som går til artistar eller grupper som har nådd publikum utanfor sitt eige land det siste året.

Ho kan sjå tilbake på mange oppturar det siste året. Som til dømes då ho fekk programleiar James Corden til å miste fatninga då ho framførte sin hit «Don't Kill My Vibe.

– Kanskje er ho Noregs beste artist no

På klesbutikken Urban i Ålesund er Sigrid Raabe sin musikk mykje spelt.

Elisabeth H Risvik

Elisabeth H. Risvik gir to tomlar opp for Sigrid i kveld.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Eg er veldig musikkinteressert, seier Elisabeth H Risvik som jobbar der.

Ho trur Sigrid har store sjansar til å vinne i kveld, på linje med Cezinando.

– Eg synest Sigrid er utruleg flink til å skrive musikktekstar, og ja, kanskje er ho Noregs beste artist akkurat no, seier Risvik.

På ein kafé ikkje så langt unna nyt Lea Oliversen frå Bergen og Ingvild Sigbjørnsen frå Stavanger laurdagen med kake. Dei bur no i Ålesund, fordi dei går på folkehøgskule der. Dei kjenner godt til Sigrid Raabe.

Lea Oliversen og Ingvild Sigbjørnsen på Cafe

Lea Oliversen og Ingvild Sigbjørnsen går på Møre folkehøgskole i Ålesund. Dei opplever at Sigrid Raabe er ei naturleg ekte jente som er veldig populær blant mange unge.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Eg høyrer veldig mykje på ho. Ho verkar veldig søt, og har veldig kul musikk. Veldig populær blant mange unge, seier Oliversen.

– Ho har eit særpreg over stemma som gjer at eg alltid høyrer at det er Sigrid, seier Sigbjørnsen.

Dei er nesten sikre på at Sigrid stikker av med ein av prisane i kveld.

P3 Gull blir sendt på NRK1 klokka 20.55 i kveld.

Sjå korleis Christine i P3 overraska Sigrid med komplimentbonanza då ho vart nominert til P3 Gull.