Hopp til innhold

I fire dagar bad dei sjukehuset om å undersøkje mora grundigare – den femte dagen døydde ho

Då familien til slutt blei høyrt, var det for seint for den 60 år gamle kvinna. No fryktar dei at alvorlege feil kjem til å skje igjen.

Andre Giske og Sandra Veddeng Reknes

André Giske (40) og systera Sandra Veddeng Reknes (30) er redde for at andre skal oppleve at dei ikkje blir lytta til i helsevesenet. Dei etterlyser større konsekvensar etter at mor deira døydde på sjukehuset.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Artikkelen har blitt oppdatert med eit utfyllande svar frå Helse Møre og Romsdal.

60 år gamle Anita Giske var ei kunstnarleg sjel og elska å stelle i hagen. Den tidlegare butikkdama i Langevåg på Sunnmøre var mor til to og bestemor til fire. Ho hadde skrantande helse då ho fall og braut lårhalsen i fjor sommar.

Men at ho ikkje skulle sleppe ut av sjukehuset i live, hadde familien likevel aldri trudd.

– Det er heilt tragisk. Det var jo berre eit brot, så skulle ho heim igjen og trenast opp igjen, seier Sandra Veddeng Reknes.

Fryktar det skjer igjen

Men like før ho skulle fylt 61, døydde Anita Giske på sjukehuset av multiorgansvikt. Då hadde borna og ektemannen masa på dei tilsette i fleire dagar for å få dei til å undersøkje henne grundigare. Først den fjerde dagen blei det fortgang i behandlinga. Då var det for seint.

André Giske og Sandra Veddeng Reknes

Familien seier dei fekk beskjed om at mora skulle skrivast ut frå sjukehuset, berre to dagar før ho døydde. André Giske og Sandra Veddeng Reknes meiner det viser tydeleg at dei tilsette ikkje forstod kor alvorleg sjuk mora var.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Begge syskena fryktar at dødsfallet ikkje får konsekvensar. Familien meiner Fylkeslegen burde pålagt sjukehuset å levere ein rapport som viser at dei har lært av det som skjedde.

– Eg er stygt redd for at det berre blir med praten, og at det som har skjedd er gløymt, og at det held fram i same duren i ein travel arbeidskvardag, seier Sandra Veddeng Reknes.

Konkluderte med uforsvarleg helsehjelp

Fylkeslegen i Møre og Romsdal konkluderte nyleg med at Ålesund sjukehus braut lova og gav uforsvarleg helsehjelp til 60-åringen. Etter dødsfallet kom det fram at dei tilsette hadde slurva med journalføringa, undersøkt henne alt for dårleg og lagt henne inn på feil avdeling.

André Giske

André Giske seier han ikkje stoler på helsevesenet lenger, etter at mora døydde på sjukehus. Han seier han etter dette oppfordrar alle om å følgje svært godt med i møte med legar og sjukepleiarar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Familien visste at den 60 år gamle kvinna hadde fleire helseutfordringar, og reagerte difor på at ho blei i stadig dårlegare form under sjukehusopphaldet. I rapporten frå Fylkeslegen kjem det fram at varsla frå dei pårørande ikkje blei høyrt, trass i at dei sa frå fleire gongar.

– Eg veit ikkje kor mange gongar eg sa frå, men det var mange gongar, seier Sandra Veddeng Reknes, som sjølv er utdanna sjukepleiar.

Ei undersøking som Pårørandealliansen gjorde i august, viser at 6 av 10 pårørande ikkje har nokon stad å vende seg med innspel eller tilbakemeldingar.

Anita Vatland, leder Pårørendealliansen

Anita Vatland, som er leiar i Pårørandealliansen, seier 6 av 10 pårørande ikkje har nokon stad å vende seg med innspel og tilbakemeldingar.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

– Pårørande får ofte høyre at dei er ein ressurs, og kan brukast og få ansvar for mangt og mykje. Men når ein seier frå blir ein ofte sett på som brysom og masete pårørande, hevdar Anita Vatland, leiar i Pårørandealliansen.

Seier dei har lært av det som skjedde

Syskena er bortom grava til mora si så ofte dei kan med friske blomster. Dei seier det er uråd å vite om mora hadde levd dersom ho hadde fått rett behandling.

Astrid Johanne Brandshaug

Klinikksjef Astrid Johanne Brandshaug ved Helse Møre og Romsdal seier dei tilsette har lært av det som skjedde på Ålesund sjukehus i fjor sommar.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Klinikksjef Astrid Johanne Brandshaug ved Ålesund sjukehus ønskjer ikkje å kommentere påstanden om at det som har skjedd er gløymt, men skriv i ein e-post at dei tilsette har lært.

– I etterkant har ein arbeidd med tiltak og retningslinjer for å sikre trygg og god oppfølging når pasientar har behov for behandling og kompetanse på tvers av fagområde.

Klinikksjefen vedgår at dei burde ha reagert og dokumentert dei kliniske symptoma tidlegare slik at tiltak hadde blitt sett i verk.

Brandshaug seier dei har hatt møte med dei pårørande og beklaga på det sterkaste. Ho er lei seg for at dette skjedde og takknemleg for tilbakemeldingane, og hevdar at dette har bidratt til at helseføretaket har forbetra rutinane.

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen seier helseføretaket sjølv har ansvar for å rette seg etter kritikken, men poengterer at dei kjem til å følgje med.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL