Hopp til innhold

I fengsel for knivstikking

Ein mann i 20-åra er i Romsdal tingrett dømd til fengsel i eitt år og seks månadar for knivstikking. Ifølgje dommen stakk mannen ein annan mann i halsen slik at han fekk eit 15 cm langt kutt. Hendinga skjedde etter at den fornærma trua med å ringe politiet då den dømde ikkje ville forlate leiligheita hans. Mannen må også betale den fornærma 80 000 kroner i erstatning.

Romsdal Tingrett sal 2
Foto: Roar Jonny Strom