NRK Meny
Normal

I fengsel for blotting og krenkande åtferd

Ein mann i femtiåra frå Sunnmøre er dømd til fengsel i 2 år og 8 månader for blotting og seksuelt krenkande åtferd overfor mindreårige. Mannen er funnen skuldig i å ha blotta seg ved barneskular i åelsundsområdet.

Overgrepssak Sunnmøre tingrett

Dommar i saka var Knut Anders Oskarson.

Foto: Terje Reite / NRK

Mannen møtte i Sunnmøre tingrett i januar, og måtte svare for skuldingar om både overgrep via internett, og for å ha blotta seg overfor mindreårige ved barneskular i Ålesundsområdet. No er mannen funnen skuldig i dei aller fleste tiltalepunkta, og er dømd til fengsel i 2 år og 8 månader.

Forleda barn

Mannen er dømt for å ha forleda 10 identifiserte og tre uidentifiserte barn under 16 år til å kle seg nakne framfor webkamera og å utføre seksuelle handlingar med seg sjølve. Ni av tilfella er ifølgje dommen utført under særdeles skjerpande omstende.

Blotta seg

Mannen er også funnen skuldig i å ha blotta seg overfor sju barn ved barneskular i ålesundsområdet. Tiltalen inneheldt fire tilfelle til. Desse tilfella er mannen frifunnen for.

Seksualiserte framstillingar av barn

Mannen er også funnen skuldig i å ha ha og å ha produsert framstillingar av seksuelle overgrep mot barn eller framstillingar som seksualiserer barn. Han er også funnen skuldig i å ha utvist seksuelt krenkande eller annan uanstendig åtferd overfor 12 barn under 16 år gjennom bruk av telefon, internett eller annan elektronisk kommunikasjon.

Då rettssaka gjekk for Sunnmøre tingrett kravde aktor, Cathrin Remøy, at mannen skulle fengslast i fire år. Forsvarar Mari Vik-Slettvoll meinte at fengselsstraffa ikkje måtte overstige to år.

Chatta med mindreårige

Under rettssaka kom det fram at mannen hadde chatta med ei rekkje mindreårige gutar, både på chattesider og på chatteverktyet Skype. Mannen vedgjekk at han som regel sat naken i badekaret heime på Sunnmøre då han chatta. Han vedgjekk også at han hadde foreslått at dei mindreårige gutane skulle utføre seksuelle handlingar med seg sjølve.

Mannen vedgjekk dei faktiske forholda, men vedgjekk ikkje straffskuld for å ha forleda dei mindreårige til å vere med seksuelt krenkande handlingar.

Retten er klar på at sunnmørsmannen forleda dei mindreårige også i juridisk forstand. Og i ni av tilfella seier retten at handlingane er utført under særdeles skjerpande omstende.

Køyrde i bil og blotta seg

Uner behandlinga i Sunnmøre tingrett vedgjekk mannen også at han ved fleire høve hadde køyrt rundt i bil medan han var naken nedantil. Han vedgjekk også at han hadde køyrd til fleire skular i Ålesund og nokre nabokommunar, både barneskular, ungdomsskular, vidaregåande skular og Høgskulen i Ålesund.

Under rettsforhandlingane hevda han at han ikkje trudde at nokon såg at han var naken, og at målet hans ikkje var å bli sett. Retten fann prov for at mannen hadde blotta seg i sju tilfelle, men blei frifunnen for fire.

Mannen må betale til saman 270 000,- kroner i erstatning til sju gutar. Mannen har site i varetekt i 154 dagar, noko som blir trekt frå når han skal sone dei 2 åra og 8 månadene i fengsel.