I denne parkeringstunnelen krasjar du aldri i ei søyle

Parkeringshuset inne i fjellet i Ålesund skal stå ferdig i april 2016, og i dag var tunnelen open for skuelystne. Det som imponerte folk var at det ikkje finst ei einaste søyle.

I dag var det open dag i Aksla parkering i Ålesund

Mange nysgjerrige tok turen for å sjå det nye parkeringshuset i fjellet i dag.

I sentrum av Ålesund, under byparken og fjellet Aksla, skal rundt 950 bilar kunne parkere i april 2016. I eitt år har det pågått sprengingsarbeid. Naboane til tunnelen måtte ei stund bu på hotell fordi støyen frå sprengingsarbeidet var så høg.

No er sprenginga ferdig og i dag inviterte Aksla parkering innbyggjarane til omvising.

– Vi vil vise publikum kva som er årsaka til støyen. Vi er klar over at det har vore ei belastning for enkelte. No har vi kome så langt at vi skal sette opp etasjeskiljarar, seier Arve Tonning. Han er prosjektkoordinator.

Aksla parkering

I april 2016 skal parkeringshuset stå klart.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Som ein kyrkjehall

Mellom 1000 og 1500 møtte opp for å sjå denne katedralen av ein parkeringsplass i fjellet. Ei av dei som tok turen for å sjå var Kari Hesseberg.

– Det er ikkje til å begripe. Det er som ein stor kyrkjehall. Det er ikkje rart at det small, seier ei imponert Hesseberg.

Utan søyler

Kvar av hallane er 210 meter lange og 17 meter brei. 160 000 kubikkmeter med stein er køyrt ut av tunnelen. Det svarar til 18.000 lastebillass. Parkeringshuset blir på tre etasjar.

– Det er rikeleg med høgde i parkeringshuset, så det er ingen problem å ha skiboks på taket. Det beste av alt er at her er søylefritt, seier Tonning.