Hopp til innhold

Dei 25 første som melder seg på, får gå i kyrkja

På Nordmøre opnar Hov kirke på søndag. Det er avgrensa med plassar og førstemann til mølla gjeld.

Hov Kirke i Sunndal

Hov kirke i Sunndal har starta påmeldingsgudsteneste. Dersom ordninga blir ein suksess, blir også dei andre kyrkjene i kommunen opna.

Foto: Stig Rune Andreassen

Kyrkjer i heile landet har stengt for vanlege gudstenester. I staden har ein hatt videooverføringar eller kreative løysingar som drive-in-gudstenester. Kyrkjetilsette i Sunndal erfarer at eldre i kommunen har eit sterkt ynskje om å møte opp fysisk. Mange finn roa i kyrkja og vil helst høyre bodskapen direkte frå presten.

– Vi hadde ein idedugnad og kom opp med forslaget om påmeldingsgudsteneste, seier kyrkjeverje, Stig Rune Andreassen.

Det betyr at dei 25 første som melder seg på får kome i kyrkja søndag. Talet 25 er nettopp med tanke på smittevernomsyn. Då kan det sitte ein person på annakvar benk i kyrkja. På ei vanleg gudsteneste i Hov plar det vere mellom 25 og 50 personar. Dersom det er dåp kjem det langt fleire.

Stig Rune Andreassen

Kyrkjeverje Stig Rune Andreassen håper ta han slepp å skuffe mange dersom pågangen blir stor.

Foto: privat

Fleire kyrkjer kan bli opna

– Mitt store skrekkscenario er at det skal vere så stor påmelding at vi må seie nei til folk, seier Andreassen. Det er ikkje lagt nokon plan for venteliste, men det er det naturleg å finne ei ordning på, ifylgje kyrkjeverja. Dei som får plass på kyrkjebenken søndag må sjølvsagt også vere frisk.

Dersom søndagens påmeldingsgudsteneste blir ein suksess, kjem også dei fire andre kyrkjene i Sunndal til å innføre same ordning. Andreassen har også fått tilbakemelding frå andre kyrkjeverjer rundt om i Noreg som er positive til ideen.

Finne lokale løysingar

Ingeborg Midttømme

Biskop i Møre, Ingeborg Midttømme, seier at det kan vere riktig at ein enkelte stader opnar kyrkjene slik som i Sunndal, dersom det er forsvarleg med tanke på smittevern.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Kyrkjene i landet er stengde for vanlege gudstenester fram til juni, medan gravferd og dåp skjer med berre næraste pårørande til stades.

Biskop i Møre, Ingeborg Midttømme, seier at dersom det ligg til rette for det lokalt, kan det vere riktig å opne kyrkja med eit avgrensa tal på deltakarar.

– Vi må huske på at det er store forskjellar i smittesituasjonen, seier Midttømme. Ho vil ikkje oppmode alle om å gjere som Sunndal, men seier at kommunane lokalt må finne ut kva som er forsvarleg.

Biskopen trur saknet etter å gå i kyrkja er stort, etter at vi har blitt utestengt i fleire veker.

– Det gir så mykje å gå i kyrkja, særleg i ei tid når vi er usikre. Og i kyrkja har ein hatt viktige hendingar gjennom generasjonar, som dåp, bryllaup og gravferd. Kyrkja er eit sterkt symbolbygg, seier Midttømme.

Regjeringa forbyr store kulturarrangement fram til 15. juni. Midttømme seier at den datoen dermed er den neste milepælen også for kyrkja.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL