Hopp til innhold

Slik vil barnehagen motverke lærevanskar

Barn med dårleg motorikk har ofte lærevanskar. Barnehagane i Sykkylven har tatt grep og trenar systematisk for å motverke dette. Foreldre merkar stor forskjell.

I Sykkylven trenar barnehageungane motorikk tre gonger i veka, for å førebygge læringsvanskar seinare i livet.

Tre gongar i veka trenar barnehagane i Sykkylven for å betre motorikken. Treninga er lagt opp slik at det er leikebaserte øvingar.

For barna er det heile ein leik, der dei sit i ein ring på golvet ved Vikedalen barnehage i Sykkylven og lèt som dei skal på ferietur til Thailand. Magemusklane får køyrt seg når dei lener seg bakover med beina i vêret og brukar armane som vingar. Etterpå legg barna seg på magen og flyg. Eir Torsdatter Aure (5) gjer bevegelsane leikande lett. Barnehagen har trent 30 minutt tre dagar i veka i eit heilt år.

– Det blir berre lettare og lettare, for eg øver meir og meir, fortel Eir.

Eir Torsdatter Aure og Tor-Ole Johansen

Eir Torsdatter Aure likar godt opplegget til barnehagen. Pappa Tor-Ole Johansen synest dottera har fått mykje betre balanse.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Skal førebygge lærevanskar

Målet til barnehagen er at treninga skal gjere Eir og resten av storbarnsgruppa klare til skulestart. Dei ser nemleg at barn som slit med motorikken, gjerne har problem på andre område også. Styrar Steinar Klokk trur at arbeidet dei gjer no, fører til at færre treng hjelp av PPT seinare.

– Treninga gjer motorikken betre og barna blir flinkare til å halde på konsentrasjonen, seier styrar Steinar Klokk.

Sidan alle barna frå 3–6 år er med på opplegget, meiner han det er lettare å sjå barna som ligg i gråsonen og som kanskje ikkje hadde blitt oppdaga på mange år.

LES OGSÅ:

Styrar Steinar Klokk utanfor Vikedalen barnehage

Styrar Steinar Klokk i Vikedalen barnehage trur treningsopplegget er med på å førebygge vanskar på skulen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Svake i matematikk

Lesesenteret i Stavanger har forska på kva motorisk utvikling betyr for andre ferdigheiter. Blant anna ser forskarane ein sterk samanheng mellom motorikken til 2-åringane og kor gode matematiske ferdigheiter dei har. Motorikk er også viktig for språkutvikling.

Førsteamanuensis Elin Reikerås ser at mange barnehagar i landet jobbar for å betre motorikken. Det står klart i den nasjonale rammeplanen for barnehagane at det skal arbeidast med motorikk, kroppsbeherskelse, koordinasjon og fysiske eigenskapar.

– Det å vere motorisk aktiv og lære gjennom kroppen, betyr mykje for barn. Vi veit at dersom vi ser eit barn som strevar med motorikken, bør vi vere merksame, seier Reikerås.

Ergoterapeut Tone Klakken Gjersrud og fysioterapeut Julianne Blindheim demonstrerer øvingar

Ergoterapeut Tone Klakken Gjersrud og fysioterapeut Julianne Blindheim demonstrerer øvingar på Michaella Baricakova

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Planken er bra for skriving

Det er fysioterapeut og ergoterapeut i Sykkylven som har sett saman øvingane. Bak kvar bevegelse ligg det ei meining. Når barna tar planken, jobbar dei med stabilitet i mage, skuldrer og handledd. Det kjem til nytte når dei skal starte på skulen.

– Det er mykje øvingar og mange repetisjonar. Det er viktig at vi baker det inn i leiken og gjer det naturleg for barna, seier fysioterapeut Julianne Blindheim.

For Eir er det heilt naturleg å trene i barnehagen og pappa Tor-Ole Johansen ser tydeleg resultat.

– Vi merkar det blant anna på at balansen har blitt betre og så har ho blitt flinkare til å utfordre seg fysisk. Ho testar meir og er uredd, seier Johansen.