Hopp til innhold

Her skal dei lese nynorsk kvar dag

Ørsta kommune har bestemt at alle barnehagebarn skal bli lest for på nynorsk eller dialekt dagleg. Målet er at dei skal bli flinkare i norsk når dei startar på skulen.

I Dalane barnehage i Ørsta les dei nynorsk kvar dag

I Dalane barnehage i Ørsta blir det aldri lest bøker på bokmål. Dei bøkene som ikkje er skrivne på nynorsk, vert fortalt på dialekt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Nissekledde barn sit samla i ein krok i Dalane barnehage i Ørsta. Kvar einaste dag er det samlingsstund med høgtlesing frå ei bok. Denne dagen skal barna høyre historia om Reven og Nissen, av Astrid Lindgren. Boka er omsett frå svensk til bokmål, og barnehagetilsett Marit Brautaset fortel difor om den svoltne reven på ørstadialekt.

– Ute i skoji der bur røvi, startar Brautaset. Ho er glad for at Ørsta kommune har valt å satse ekstra på nynorsk i barnehagane. For henne vert det feil å lese på bokmål.

Laga sin eigen rammeplan

Sanna Grotle Røed i Dalene barnehage likar godt bøker

Sanna Grotle Røed er glad i bøker. Ho brukar ofte å tenkje på historia ho har høyrt etter at boka er ferdiglesen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Alle barnehagar har ein sentral rammeplan som skal følgast. Ørsta har laga ein lokal rammeplan som gjeld for alle barnehagane i kommunen. Der står det at barna i størst mogleg grad skal oppleve nynorsk og dialekt i leik, song og opplesing. Det skal lesast kvar dag.

Sanna Grotle Røed (5) likar godt å bli lest for, men kan ikkje svare på kva forskjellen mellom bokmål og nynorsk er.

– Når eg blir lest for så lærer eg og tenker litt på det, seier Sanna veslevaksent.

Ellinor Sætre serverer graut i Dalane barnehage i Ørsta

Ellinor Sætre er styrar i Dalane barnehage. Ho meiner at fokuset på dialekt og nynorsk, gjer barna betre rusta til skulen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Gjer leseopplæringa lettare

Og det er akkurat læring som gjer at Ivar Aasen si heimkommune fokuserer på språk. Styrar i Dalane barnehage, Ellinor Sætre, meiner at høgtlesinga på nynorsk gjer det enklare for barna når dei skal starte på skulen.

– Eg trur leseopplæringa vert lettare fordi barna kjenner att orda. Dei får også større ordforråd, seier Sætre. Foreldra har samla inn pengar til innkjøp av barnebøker på nynorsk. Bøkene på nynorsk vert lest slik dei er skrivne, medan bøker på bokmål vert fortalt på dialekt.

Høyrer nok bokmål

I den lokale rammeplanen til Ørsta står det også at barna skal ha kunnskap om nynorsken sin far, Ivar Aasen. Gaute Øvereng, dagleg leiar ved Ivar Aasen-tunet, meiner ar det ikkje er det same kva målform ein les på for barn som bur i nynorskkommunar.

– Dei høyrer nok bokmål gjennom media. Det er viktig at barna får mykje impulsar på nynorsk, seier Øvereng.

Gaute Øvereng ved barnebøkene på Ivar Aasen-tunet

Gaute Øvereng er dagleg leiar ved Ivar Aasen-tunet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, har ikkje høyrt om andre kommunar som har laga eigen lokal rammeplan med fokus på nynorsk. Han meiner at fleire bør gjere det same som Ørsta.

– Kvart år startar 8000 nynorskelevar på skulen. Dersom dei ikkje har fått stimulering på nynorsk i barnehagen, stiller dei svakare enn bokmålselevar som har hatt mykje bokmål i barnehagen, seier Aasbrenn.